Meir politi er ikkje nokTalet på politifolk i Noreg har gått rett til vêrs dei siste fem åra. Likevel blir det ropa om krise i politiet, og sakene hopar seg opp.

Talet på politifolk i Noreg har gått rett til vêrs dei siste fem åra. Likevel blir det ropa om krise i politiet, og sakene hopar seg opp.

Regjeringa har satsa stort på politiet, og aldri før har Noreg hatt så mange politifolk. Likevel går saksbehandlingstida opp, og i politidistrikta blir det ropa om krise.
Regjeringa har satsa stort på politiet, og aldri før har Noreg hatt så mange politifolk. Likevel går saksbehandlingstida opp, og i politidistrikta blir det ropa om krise.
Publisert

Høgre og Framstegspartiet lova å styrkje politiet monaleg om dei kom i regjering, og den lovnaden har partia halde til gagns – i alle fall på papiret. I år er det 17.025 årsverk i norsk politi, mot 14.770 ved utgangen av 2013, syner dei siste tala frå Politidirektoratet. Og det er ikkje slik at heile stillingsveksten går til administrasjon: Aldri før har Noreg hatt så mange politifolk som no, og regjeringa er på god veg om å nå målet sitt om to politifolk per 1000 innbyggjarar.

Dette er ei stor og dyr satsing for den norske staten. På statsbudsjettet for 2018 gjekk 20 milliardar kroner til politi og påtalemakt – det er ein auke på nesten 50 prosent frå 2013.

Men så er det dette med resultata, da.

Stygge tal

I år har det kome naudskrik i media frå nesten alle politidistrikta i Noreg: Politiet er underbemanna og overarbeidd, og sakene hopar seg opp i systemet. Tal frå Politidirektoratet viser ein bratt auke det siste året i talet på saker som blir liggjande lenge: Ved utgangen av mars i år hadde politiet 40.474 saker som hadde lege i over tre månader utan avgjerd om påtale, ein auke på 20 prosent frå 2017. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for valdtektssaker har auka med 22 dagar frå i fjor til i år. I snitt tek kvar valdtektssak no 194 dagar, langt meir enn fristen på 130 dagar som direktoratet har sett.

Ei undersøking NRK gjorde i juni, tyder på at det blir gjeve strafferabatt i meir enn kvar femte straffesak i Noreg, oftast fordi saka har teke urimeleg lang tid i rettssystemet. Kvart år slepp altså fleire tusen kriminelle med ei mildare straff fordi systemet ikkje fungerer slik det skal, og dette skjer òg i alvorlege overgrepssaker og andre valdssaker.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement