JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Meir krim og fleire merkelege menn

Kurkovs brev frå Ukraina: Då eg her om dagen rusla heim frå skrivestova mi på Vladimirgata, dukka det brått opp ein mann i kamuflasjeuniform og kamuflasjefarga caps framfor meg. Under jakka til mannen stakk det fram ein blenkjande lang egg av stål. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
10793
20140411
10793
20140411

Samfunn

Dette var der Vladimirgata kryssar Ryttargata, rett ved fiskerestauranten. Han hadde tydelegvis fest ein ekte machete til beltet sitt. Ganglaget hans var svært så målretta og sjølvtrygt. Det kunne sjå ut som han visste nøyaktig kvar han skulle. Det unge andletet hadde eit hardt og stivna uttrykk. Det gjorde at han såg ut både som den unge Che Guevara og som ein pasient frå ein psykiatrisk klinikk.

Det kom straks over meg ei ubendig lyst til å stansa han og spørja: «Orsak, broder, men kva kosakk-eskadron kjem no du frå?» Men eg gjorde ikkje det. Av fleire grunnar. For det fyrste gjekk han altfor fort og hadde heilt tydeleg ikkje nokon som helst planar om å stansa opp for å drøsa med ein ukjend sivilist. For det andre var det det kalde stålskinet frå machete-klinga. For det tredje ville spørsmålet mitt heilt klårt ha vore provoserande, for kamuflasjeuniforma hans hadde ikkje nokon kjenneteikn eller merke som kunne visa kva eskadron i Majdan-sjølvforsvaret han høyrde til.

Merkelege menneske

Revolusjons-surrealismen veks seg berre sterkare. No er det meir merkelege folk enn dei aktive deltakarane som har slutta seg til revolusjonen. Nokre av dei er heilt vanlege brotsmenn og kriminelle. Dei læst som dei kjem  frå den nasjonalistiske gruppa Høgre sektor og rundstel butikkar og gardsbruk i Sør-Ukraina. I Dnjepropetrovsk-fylket har spesial-avdelingar frå politiet kvar dag arrestert fem–seks falske Høgre sektor-bandar. Dei fer rundt og herjar i småbyar og bygder.

No har desse spesialavdeling-ane installert seg på fleire av dei store gardsbruka, slik at dei kan vera nærare stadene der det kan førekoma brotsverk. Og så langt har det ikkje funnest ein einaste ekte medlem av Høgre sektor mellom dei par hundre væpna bandittane i kamuflasjeuniform som har vorte arresterte. Men for nokre dagar sidan vann Høgre sektor gjetord i Kiev. Der driv dei som før mobiliseringssentralar fleire stader på hovudgata Kresjtsjatik. Hit kjem det unge heite skallar for å melda seg inn. Dei trur at så snart dei har fått medlemskap, vert dei med ein gong både sterkare, viktigare og meir handlekraftige.

Så for nokre dagar sidan, etter ein krangel med ein krigar frå Folkesjølvforsvaret, tok ein av desse soldatane frå Høgre sektor og skaut vilt rundt seg med kalasjnikoven sin, midt på Sjølvstendeplassen. Full var han òg. Byen fraus til i fælske då skotsalvane frå maskinpistolen kunne høyrast. Resultatet var at tre personar vart såra, mellom dei nestleiaren til fungerande ordførar i den ukrainske hovudstaden. Det gjekk verst ut over ein unggut frå Folkesjølvforsvaret. Kulene frå kalasjnikoven gjennombora båe lungene hans.

Etter denne heltedåden på Majdan-plassen gøymde skyttaren frå Høgre sektor seg i hotell Dnipro på Europa-plassen, 300 meter frå Majdan-plassen. Der har denne kamporganisasjonen både stab og læger. Politiet som kom etter skytinga, kringsette hotellet og byrja forhandla med Høgre sektor om å få avvæpna og overlevert skyttaren. Etter nokre timars tingingar vart han arrestert, og rundt to hundre medlemer av Høgre sektor flytta ut av hotellet. Dei tok med seg tinga sine, mellom anna nokre lange dingsar som var innpakka i presenning og såg ut som våpen. Alt dette vart lempa på lastebilar, som så køyrde bort eskorterte av politiet.

Politiet var raskt ute med å informera om at Høgre sektor hadde late våpna liggja att på hotellet, men det var ikkje mange som trudde på det. Ifylgje offisiell informasjon er denne gruppa forflytta til ein leir for «pionerar» utanfor Kiev.

Ryddesjau

Og så, på fredag, kunngjorde Høgre sektor at det skulle vera dugnad på laurdag 5. april for å rydda bort barrikadane i Kiev sentrum. Folk i Kiev vart oppglødde og byrja førebu seg. Men ut på kvelden på fredagen kom representantar for Høgre sektor med ei presisering. Det vart informert om at «på grunn av den menneskelege faktoren» hadde det vorte gjort eit mistak. Dugnaden på laurdag skulle ikkje fjerna barrikadane, men det skulle ryddast opp og bòs fjernast frå barrikadeområdet. Barrikadane skal verta ståande, i alle høve fram til presidentvalet 25. april, for revolusjonen er ikkje avslutta, og Majdan er det einaste organet som er i stand til å kontrollera den «provisoriske regjeringa» og det ho føretek seg (i sovjetterminologi er «provisorisk» namnet på den russiske regjeringa i tida frå februarrevolusjonen til oktoberrevolusjonen i 1917, merknad omsetjar).

Det vart halde dugnad på laurdag. Byen sende nokre lastebilar, og majdanaktivistane og Kiev-buarane heiv opp søppel på laste-bilane mest halve dagen. Det var mange Kiev-familiar som kom med småungar til dugnaden. Ein kunne høyra kor desse småjentene og smågutane, som enno ikkje har byrja på skulen, høglydt fordømde den russiske aggresjonen og okkupasjonen av Krim medan dei hjelpte foreldra sine. Eg kan sjå føre meg korleis desse hendingane snart vil gå inn i historia og verta pensum i lærebøkene i skulen.

Kriminalitet

Men eg er òg redd for at det i lærebøkene kan koma inn hendingar som enno ikkje har funne stad. Det er framleis spent, og ikkje berre fordi det har vorte meir kriminalitet, og at kriminaliteten har spreidd seg til Kiev òg.

I oppgangen til huset der foreldra mine bur, på Semirenko-gata, vart ein forretningsfamilie rana av bandittar sist veke. Den 35 år gamle mannen i familien vart stygt skamslegen. Han døydde seinare på sjukehuset grunna blodtap. Ikkje langt frå huset vårt, på Nekrasov-gata 8, var det innbrot i fire husvære på same dag. No må kona mi og eg kvar dag minna borna på at dei ikkje må opna døra for framande, same kva dei måtte seia. Dei kan seia at dei skal kontrollera gassmålaren, eller at dei kjem med rekommandert brev, men kor som er, er det strengt forbode å opna døra for dei. Det kan rett og slett vera farleg.

I Aust-Ukraina, ikkje langt frå den russiske grensa, er det framleis mykje nervøsitet. På laurdag 5. mars marsjerte rundt seks hundre pro-russiske aktivistar i Donjetsk ein halv dag med russiske flagg og krav om folkerøysting. I Mariupol, ein stor industriby ved Azov-havet, storma pro-russiske aktivistar huset til den lokale påtalemakta og laga ein retteleg pogrom (eit russisk ord som òg tyder generell herjing, red.merk.). Politiet arresterte ikkje nokon, men politisjefen har opplyst at dei fylgjer med på situasjonen og arbeider med å få slå fast kven det er som har gjort seg skuldig i brotsverk.

«Ekstremistar»

Sidan er meininga å arrestera opphavsmennene og aktivistane. Ordet «sidan» gjer ein litt redd. For på laurdag, i det same området, arresterte den ukrainske tryggingstenesta SBU femten russiske statsborgarar som hadde teke med seg – til ukrainsk territorium – tre hundre maskinpistolar, ein granatkastar og mange andre våpen. Våpna er konfiskerte og sabotørane arresterte. Men alt på sundag kveld, i Kharkov, Donjetsk og Lugansk, tok relativt fåe, men godt organiserte pro-russiske aktivistar over bygningar som høyrer til dei lokale styresmaktene. Og Russland svara straks med å kunngjera at seksti medlemer av Høgre sektor, som planla sabotasjeaksjonar, var arresterte. Det viste seg rett nok seinare at alle dei arresterte var bygningsarbeidarar, gjestearbeidarar frå Trans-Karpatia i Vest-Ukraina. Men for Russland er dei kor som er «ukrainske ekstremistar», berre fordi dei seg imellom talar ukrainsk.

Krigen held også fram på ein annan, men usynleg front. Mot slutten av sist veke, i Tsjerkasy, ikkje langt frå Kiev, vart journalisten og majdan-aktivisten Vasilij Sergijenko bortførd av ukjende menn. Han vart torturert og deretter drepen. Tidlegare vart også ein av majdan-leiarane i byen Mirgorod i Sentral-Ukraina, tidlegare ordførar Vasilij Tretetskij, banka opp så brutalt at han seinare døydde på sjukehuset.

Det er ikkje vanskeleg å gissa kven som står bak desse drapa. For i kvar einaste by har Region-partiet, partiet til Janukovitsj, skapt sin eigen «elite», som har carte blanche til å gjera kva som helst, inkludert kriminelle handlingar, mot representantar for opposisjonen og borgarrettsforkjemparar som stør Majdan.

Utlending heime

Alle desse hendingane gjer fastlandsukrainarane noko mindre merksame på kva som går føre seg på Krim. Og der har det alt vorte offentleg kjent kva den russiske politikken mot dei som ikkje vil verta russiske statsborgarar, går ut på. Dei har fått frist inntil 18. april til å koma til eit av dei fire migrasjonssentra og levera inn søknad om at dei ynskjer å seia frå seg den russiske statsborgarskapen. Dersom dei ikkje gjer det, vil dei 18. april automatisk verta rekna som russiske statsborgarar. Om dei leverer inn søknaden, vil dei verta rekna som utlendingar og må forlata Krim-halvøya etter å ha opphalde seg der – det vil seia heime hjå seg sjølve – i nitti dagar.

Etter dette kan dei så byrja å fylla ut dokument for å få registrert «opphaldsløyve for ut--len-ding--ar» i samsvar med russisk lov. Det er ikkje kvar som helst på Krim ein kan finna migrasjonssenter, berre i sentrum, nær Simferopol. Sant nok tek ikkje migrasjonssentra imot søknader frå folk som vil seia frå seg russisk statsborgarskap, men dei som ynskjer å verta verande ukrainske statsborgarar, vert førde opp på ei særskild venteliste.

Kva som skal henda med dei som står i kø på denne lista seinare, er ikkje så lett å skjøna. Men det er lett å skjøna noko anna – det kjem til å verta komplisert å vera ukrainsk statsborgar vidare framover på den okkuperte Krim-halvøya og kanskje farleg òg. Forresten godkjenner Russland dobbel statsborgarskap, men trass i det vil altså denne retten ikkje gjelda for borgarane på Krim. Når dei får utskrivne russiske pass, må dei skriftleg seia frå seg den ukrainske statsborgarskapen.

«Broderlandet»

Men livet går vidare, og våren går vidare. Ein kan takka det fine vêret for at ukrainarane i vår har kunna setja poteter ein månad tidlegare enn vanleg. To gonger på ei veke har Russland sett opp prisane på gass til Ukraina. Den siste tariffen er 500 dollar for tusen kubikkmeter. Det er 80 prosent meir enn det Ukraina måtte betala for ikkje lenger sidan enn i mars. Frå mai månad får ukrainarane nye gassrekningar. Endringa vert radikal, det kjem til å verta svært mykje dyrare å leva. Dette vil verta tungt for mange innbyggjarar i Ukraina, det vil vera ein hard prøve. Det einaste som kan hjelpa til med å hindra sosiale protestar og oppreistar, er at folk forstår at dei økonomiske vanskane Ukraina no har, i mangt er framprovoserte av «broderlandet» Russland – og ikkje av «den provisoriske regjeringa» som styrer i Ukraina.

Omsett av Olav Nils Thue

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis