JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Meiner Tyrkia kan vere på veg ut av Nato

Erdogan har berre nasjonalismen att å spele på, seier Tyrkia-kjennar Einar Wigen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3096
20180202
3096
20180202

At Tyrkia ville slå til mot YPG no, var inga overrasking, meiner Einar Wigen. Han er postdoktor ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk ved UiO, med tyrkisk historie og politikk som spesialfelt.

– USA har hatt ein veldig kortsiktig strategi i Syria. Amerikanarane væpna YPG, som er tett forbundne med PKK. Og desse våpena vil bli brukte mot Tyrkia seinare, det er det liten tvil om. Det er mykje paranoia i Tyrkia, men dette var ikkje utslag av paranoia. Det låg i korta at så snart IS var slått, ville tyrkarane slå til mot YPG.

Likevel trur Wigen at den eigenrådige Erdogan kan ha gjort eit stort mistak med den nye innmarsjen i Syria.

– Erdogan har vikla seg inn i noko Nato-landa ikkje kan vere med på. Tyrkarane har ikkje lenger gode kanalar til andre land i alliansen, og det blir vanskeleg å avstemme politikken. Dette kan til slutt bere ut av Nato. Erdogan har gjort seg så umogleg at folk ikkje høyrer på han. Etter at han mellom anna kalla Angela Merkel for nazist, er det vanskeleg å ta han alvorleg.

Mista støtta

Erdogan har i tillegg mista støtta frå mange av dei nettverka som hjelpte han til makta, påpeikar Wigen, ikkje minst den store organisasjonen til predikanten Fethullah Gülen. Erdogan og Gülen kom i open konflikt i 2013. Den USA-busette Gülen har ein arrestordre på seg heime i Tyrkia, og Erdogan ser på han som ein farleg fiende.

– Da partiet AKP voks fram, var dei tyrkiske islamistane svært gode til å lage nettverk. Dette var ei brei rørsle som inkluderte mange forretningsfolk. Dei var med på å gjere Istanbul til eit finanssentrum og fekk dei multinasjonale selskapa inn. Veldig mange støtta opp om det politiske prosjektet og ønskte at Tyrkia skulle lukkast, seier Wigen.

– No har Erdogan gått etter mange av nettverka som før var viktige for han, han har drive store utreinskingar og kasta mange i fengsel. Tyrkia har bygd opp posisjonen sin gjennom mjuk makt. No står Erdogan att med den harde makta til militæret, og han har berre nasjonalismen å spele på. Men det er få i Tyrkia som ikkje er nasjonalistar, og det er lett å vinne oppslutnad ved å gå laus på kurdarane.

Ein slu taktikar

Vi bør ikkje leggje for stor vekt på Erdogans retoriske bruk av det osmanske riket, meiner Wigen.

– Det er mest nostalgi og illusjonar, eit slags «Make Turkey great again». Erdogan er taktisk slu, men ingen veit kva det langsiktige målet hans er. Det ser berre ut til å auke hans eiga makt. Erdogan ser nok seg sjølv som ein slags sultan.

Wigen ser ikkje lyst på utsiktene for Erdogans Tyrkia.

– Når makta blir samla hos ein person, blir systemet svært sårbart. Du blir avhengig av nokre få menneske, gjerne ja-seiarar, og det gjev dårleg grunnlag for kloke avgjerder. Erdogan ser ikkje ut til å tenkje langsiktig. Det er ingen heilskap i politikken i Tyrkia, og lite som tyder på langsiktig planlegging, meiner Einar Wigen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Erdogan er taktisk slu,
men ingen veit kva det lang-
siktige målet hans er.

Einar Wigen, Tyrkia-kjennar

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis