Meiner EU er dårleg budd

– Det er ikkje noka løysing å busetje alle som er råka av krigshandlingar i Syria, på varig basis i Europa, seier Grete Brochmann.

Tyrkiske soldatar dirigerer flyktningar og migrantar på ein av grenseovergangane mellom Tyrkia og Hellas tidlegare denne veka.
Tyrkiske soldatar dirigerer flyktningar og migrantar på ein av grenseovergangane mellom Tyrkia og Hellas tidlegare denne veka.

Tyrkia vil ikkje lenger hindre migrantar og flyktningar i å reise inn i EU, og fleire tusen av dei 3,6 millionane migrantar og flyktningar i Tyrkia har dei siste dagane teke seg mot grensa til Hellas og Bulgaria.

Grete Brochmann er professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo og har jobba med internasjonal migrasjon i ei årrekkje. Ho har leidd to utval om innvandring til Noreg.

– Kva bør dei europeiske landa gjere no?

– EU-medlemslanda har, fem år etter førre flyktningkrise, framleis ikkje har greidd å kome til semje om ei tilnærming som tek tak i dei grunnleggjande problema. Organisatorisk er Europa dermed ikkje betre skodd for å handtere ei flyktningkrise no enn i 2015. Men det er gjeninnført grensekontrollar over heile Europa, så kontrollaspektet er eit anna i dag enn den gong.

– Frontex sender grensevakter til Hellas for å hindre migrantane i å ta seg inn i EU. Kjem det noko ut av det anna enn nye flyktningleirar på grensa?

– Det er eit sterkt signal å fysisk stengje folk ute frå å søkje asyl. I tillegg seier EU-leiarane at dei som no står på grensa, ikkje kjem direkte frå krigsområde og såleis ikkje har det behovet for vern som skal til for å få asyl. Dei er ikkje i akutt fare på grunn av krigshandlingane i Syria. Også Erna Solberg har sagt det. Det er nok truleg rett. Samstundes har fleire av dei som kjem frå Syria, i utgangspunktet hatt eit klart vernebehov før dei hamna i Tyrkia. Og når det har gått litt lengre tid, kjem nye grupper til å klare å ta seg fram til grensa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement