Med plikt til å vernePrinsippet om «ansvar for å verne» har opphav i nokre av dei verste massemorda sidan den kalde krigen tok slutt.
Prinsippet om «ansvar for å verne» har opphav i nokre av dei verste massemorda sidan den kalde krigen tok slutt.
«Responsibility to Protect»-doktrinen kan sjåast på som ein respons på folkemordet i Rwanda i 1994 og massemordet i Srebrenica i Bosnia i 1995. I båe desse tilfella var FN-systemet ute av stand til å gripe inn før det var for seint. Fleire såkalla humanitære intervensjonar andre stader vart svært omstridde: Nato-bombinga av Serbia under Kosovo-krisa i 1999 skjedde utan dekning i Tryggingsrådet, og var såleis i strid med FN-traktaten. Den seier – svært forenkla – at krig er forbode om det ikkje skjer i sjølvforsvar eller med godkjenning frå Tryggingsrådet.
Statleg suverenitet står svært sterkt i FN-traktaten. Den seier at Tryggingsrådet kan autorisere maktbruk for å oppretthalde internasjonal fred og tryggleik. Men sjølv eit folkemord kan kallast ei nasjonal sak så lenge brotsverka foregår innanfor grensene til ein stat.
Ein viktig pådrivar for å innføre R2P-prinsippet var Kofi Annan, som var FN-generalsekretær frå 1997 til 2006. I 2000 skreiv Annan: «Om humanitær intervensjon er eit uakseptabelt åtak på suvereniteten, korleis bør vi reagere på eit Rwanda, på eit Srebrenica, på store og systematiske krenkingar av menneskerettane?» Ein annan pådrivar var Den afrikanske unionen, som nedfelte ansvaret for å verne sivile i medlemslanda i traktaten sin da unionen vart oppretta i 2000.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.