Mange syndarar i offentleg forvaltning
Staten har i årevis brote kravet om skriftleg dokumentasjon i tilsettingssaker.
Byråd for byutvikling Hanna Marcussen (MDG) har skriftleg opplyst at det ikkje er vanleg praksis å lage referat etter møte med utbyggarar.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Forvalting
vidar@dagogtid.no
Manglande skriftleg dokumentasjon er eit omfattande problem i offentleg forvaltning. Det kan ha ført til urette avgjerder.
Nav-skandalen har avdekt grov svikt når det gjeld skriftleggjering av tema som har vore oppe til drøfting internt i Nav og mellom Nav og departementet.
Forvaltningslovutvalet, som kom med framlegg til ny forvaltningslov i fjor, strekar for sin del under kravet om skriftleg dokumentasjon i forvaltninga.
Forvaltningslova og rettspraksis stiller krav om forsvarleg saksbehandling i det offentlege. Eitt element i dette er nedteikning (referat) av munnlege opplysningar frå møte eller telefonsamtalar.
Såleis heiter det i paragraf 11 d, andre ledd i forvaltningslova: «Blir det ved muntlige forhandlinger, konferanser eller telefonsamtaler av en part gitt nye opplysninger eller anførsler av betydning for avgjørelsen av saken, skal de så vidt mulig nedtegnes eller protokolleres.»
Det gjeld i forholdet mellom ein part og det offentlege organet som skal ta ei avgjerd. Typiske saker er utbyggings- eller reguleringssaker, saker om løyve og saker som gjeld offentleg godkjenning. Her er det gjerne snakk om store økonomiske verdiar.
Granska
Sivilombodsmannen har slått fast at kravet om nedteikning av opplysningar også gjeld i tilsettingssaker i det offentlege. Han viser til at målet er å finne fram til den best kvalifiserte søkaren. Hovudpunkta i tilsettingsprosessen skal dokumenterast skriftleg. Ombodsmannen gjennomførde i 2015–16 ei gransking av tilsettingssaker i staten med bakgrunn i at ombodsmannen årleg fekk inn om lag 140 klager i slike saker. Her var manglande skriftleg nedteikning ein gjengangar som saksbehandlingsfeil. Etter dialog med Kommunal- og moderniseringsdepartementet konkluderte ombodsmannen med at departementet hadde ei ukorrekt rettsleg forståing av kravet til skriftleg nedteikning ved intervju med søkarar til statlege stillingar. Ombodsmannen peika også på at slik nedteikning gjer det mogeleg med etterprøving og kontroll i etterkant, og at det kan verke til at borgarane kan ha tillit til prosessen, skreiv ombodsmannen i februar 2016.
Halvtanna år seinare opplyste departementet at det ville fylgje opp tilvisingane frå ombodsmannen.
Byråd i Oslo
Byråden for byutvikling i Oslo Hanna Marcussen (MDG) er eit anna døme på ein politikar som ikkje tek kravet om nedteikning frå møte med partsrepresentantar alvorleg. Ho har skriftleg opplyst at det ikkje er vanleg praksis å lage referat frå møte ho har med utbyggarar.
Marcussen og Oslo kommune er blitt utfordra på dette av tidlegare lagdommar og leiar for Oslo statsadvokatembete, Lasse Qvigstad. Han har også påpeika at manglande nedteikningar aukar faren for korrupsjon.
Dag og Tid har fått tilgang til ei rad klagesaker der Sivilombodsmannen har avdekt brot på plikta til å skrive referat eller notat om kva som har kome fram i møte eller gjennom telefon mellom offentleg organ og ein part. Ombodsmannen har i mange saker retta kritikk mot offentleg forvaltning for ikkje å fylgje krava i forvaltningslova.
Fleire forvaltningsekspertar Dag og Tid har snakka med, meiner at «god forvaltningsskikk» talar for at prinsippet om å skrive referat eller notat også bør fylgjast for møte mellom offentlege instansar som drøftar konkrete saker. Det kan til dømes gjelde saker og tema som blir drøfta i møte mellom eit direktorat og eit departement.
Kven drøfta kva
Jan Fridthjof Bernt, mangeårig professor i offentleg rett ved Universitetet i Bergen, seier at lova ikkje gjev presist svar på dette. Han meiner likevel at det i drøftingar eller samtalar om saker for eit forvaltningsorgan bør lagast notat som viser kva som er drøfta, og kven som har vore til stades.
I møte mellom eit departement og eit direktorat, slik som i Nav-saka, meiner Bernt det også for departementet si eiga skuld burde vere slike nedteikningar som gjer det mogeleg å gå tilbake for å sjå kva som var tema, og kven som var til stades.
– Synda mykje
Bernt meiner også at det finst eit ulovfesta krav om at alle moment som har vore vurderte i ei sak, bør kome med i skriftleg framstilling når det blir gjort vedtak i ei sak. Han slår også fast at vedtak i eit folkevalt organ som avvik frå innstillinga i ei sak, skal grunngjevast.
– Her blir det synda mykje. God forvaltningsskikk tilseier at saker skal vere forsvarleg utgreidde før det blir gjort vedtak. Har det ikkje skjedd, eller kjem det fram nye opplysningar i møtet der vedtak skal gjerast, bør saka utsetjast til dette er i orden, seier Bernt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– God forvaltningsskikk tilseier at saker skal vere forsvarleg utgreidde før det blir gjort vedtak.
Jan Fridthjof Bernt, professor
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.