Lufta kan ikkje vera like fri for alleFellesskapet har rettmessig krav på superprofitten ved å utnytta «gratis» naturressursar.
Fellesskapet har rettmessig krav på superprofitten ved å utnytta «gratis» naturressursar.
Vindmøller til havs: Statsminister Erna Solberg vitja anlegget til Kværner på Stord i valkampen i fjor.Vindmøller til havs: Statsminister Erna Solberg vitja anlegget til Kværner på Stord i valkampen i fjor.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpixFoto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Stortingsfleirtalet røysta ned SVs forslag om produksjonsavgift på havbruksanlegg for laks og aure. Men regjeringspartia, Arbeidarpartiet og KrF vil i det minste ha ei offentleg utgreiing om grunnrenteskatt på havbruk.
Dette er ordførarar Ole L. Haugen i Hitra, ein av dei store oppdrettskommunane, godt nøgd med: «Det positive er at det er et bredt flertall på Stortinget for en beskatning som tilgodeser vertskommunene med en rimelig andel av de verdier som skapes i sjøallmenningen. Saken dreier seg ikke lenger om det skal kreves inn vederlag, men om hvordan det skal kreves inn, og ikke minst om hvordan midlene skal fordeles.»
SLIKE ORDNINGAR kan ha ulike namn og former: arealavgift, produksjonsavgift, eksportavgift, ressursrente, «særskatt på renprofitter», grøn skatt eller grunnrente. Poenget er at det ekstraordinære overskottet frå knappe og «gratis» naturressursar ikkje skal gå til arbeidskrafta og kapitalen i den aktuelle næringa, men tilfalla fellesskapet.
Dette er eit etablert regime for vasskraft og olje, men ikkje for havbruk og vindkraft, sjølv om prinsippet er grundig drøfta i diverse meldingar og NOU-ar – sist i Scheel-utvalet (NOU 2014:13): «For utvalgte sektorer kan en modell der standard selskapsskatt kombineres med en egen grunnrenteskatt være aktuell. Utvalget viser til at en allerede har slike skatter i vannkraft- og petroleumssektoren.»
På Jeløya blei grunnrenta grunnfesta i grunnlagsdokument til regjeringa: «Naturressurser bør beskattes slik at overskuddet tilfaller fellesskapet.» Men prinsippet har ein tendens til å hamna i vindstilla og bakevja når dyktige næringslobbyistar kjempar for profitten frå merdar og vindmøller i den nasjonale allmenningen. Og Finansdepartementet skyr øyremerking og vil ha all proveny innom statskassa.
DEN LANGE LINA i denne striden går tilbake til konsesjonslovene først på 1900-talet. Johan Castberg (1862–1926), som nyleg har fått sin biografi (Jens Olai Jensen: Et brennende hjerte), var ein nasjonal strateg i utviklinga av den nasjonale velferdsstaten – med barnelover, allmenn røysterett, sosialpolitikk og konsesjonslover.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.