JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Vy!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2087
20230113
2087
20230113

Eg veit ikkje kva eg vil med denne petiten utover å klaga. Men klaga vil eg! Sett vekk frå Ofotbanen, som er hyperlønsam, og som Vy heldigvis ikkje har noko som helst med å gjera, for elles hadde han gått med enorme underskot, er lokaltogstrekninga mellom Lillestrøm og Asker Noregs mest lønsame. Det er eit enormt tal på menneske som tek toga den strekninga kvar dag. Eg har til og med sett ministrar, rett nok aldri samferdselsministrar, på toga som går der.

Kva gjer du som seljar når du har ein spesielt god og lønsam kunde? Du gjev sjølvsagt så god service som råd er. Og leiger du lokale på ei tomt som gjer at du får særmerkt mange kundar, syter du for at huseigaren får betalinga, punktleg og fast.

Planen var at Asker–Lillestrøm skulle setjast ut på tilbod, men for å halda LO nøgde, skrota regjeringa Støre den prosessen. Dei lét vera å leiga ut den mest lønsame tomta til den som ville betala mest. I staden gav dei tomta til butikkeigaren frå helvete.

Ja, eg talar om Vy, som elles er ein hån av eit namn. Selskapet burde heita Hallusinasjon eller noko i den gata. Det er mogleg at dei tilsette trur dei er ein del av eit togselskap, men alle som tek tog på strekninga, veit at det er ei vrangførestilling som elles i samfunnet hadde ført til tung medisinering.

Etter at vi fekk covid-19, har eg slutta å fara på arbeid når eg er i Asker. Men av og til må eg berre bita i det sure eplet. I dag skulle eg til tannlækjaren. Klok av skade tok eg eit tog som gjekk to timar før eg hadde avtalen. Frå dør til dør skal turen taka 29 minutt. Eg rakk timen akkurat.

I september var eg med på Debatten i NRK og tok toget. Kringkastingssjefen er framleis sur for taxirekninga eg presenterte.

I ein stille protest løyste eg ikkje billett då eg i fjor vår skulle på jobbseminar, som alltid er satans tarmsaft. Den dagen var toget presist. Det er ei straff for alt. Eg fekk dessutan bot.

– Er du ikkje flau over å krevja inn bøter på vegner av eit selskap som er notorisk upåliteleg, spurde eg billettkontrolløren.

– Eg gjer berre arbeidet mitt.

Han må vera ein av få i Vy.

JH

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis