JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Visdom

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1846
20240112
1846
20240112

Lenge hadde eg ei guilty pleasure, og det var å lese helse- og livsstilsstoff i avisene. Når det dukka opp ein artikkel av typen «kompass for eit betre liv», berre måtte eg lese han. For tenk – ja, berre tenk – om det her skulle dukke opp noko verkeleg nytt og vedunderleg. Ja, kanskje det vedunderlege som ville få både tida og hjartet til å opna seg. Kunne eg ta sjansen på å la vere?

Men no har eg funne ein betre metode. Å gå tilbake til den gamle livsvisdommen viser seg nemleg å vere vel så bra som å lese seg opp på stadig nye forskingsfunn om korleis vi bør leve. Ja, ikkje sjeldan er essensen nett den same, berre kortare og smartare formulert. Eg snakkar sjølvsagt om dei gode, gamle ordtaka.

Så når eg no ser ei freistande overskrift, tenkjer eg meg om. Kjenner eg alt til innhaldet i artikkelen i form av eit ordtak?

Eg skal gje nokre døme. Rett før jul dukka denne overskrifta opp i fleire aviser: «Slik unngår du magevondt i jula. Dropp akevitten, spis grønsaker.» Skal eg lese denne? Nei, eg veit jo alt at fem om dagen er bra for magen. Eller kva med artikkelen «5 grunnar til at du bør le meir»? Å nei, du. Eg veit jo alt at ein god latter forlengjer livet. Så kva med «Du blir ikkje raskare frisk av å halde deg heime»? Gje deg, vi veit jo alle at lediggang er rota til alt vondt. Men kan det vere lurt å lese artikkelen om at det å sove lite er ut, og at leiarar kastar seg over søvnbølgja? Trur ikkje det, nei. Den som søv, syndar jo ikkje.

Det viser seg beint fram vanskeleg å finne livsstilsartiklar som ikkje for lengst er gammalt nytt. «Eldre nordmenn er lykkelegare enn unge», vert det skrive. Ja, den gamle er eldst. Sjølv den pågåande striden om ultraprosessert mat kan eg styre unna. For den kaka ein bakar sjølv, er den som best smakar.

Men no skal eg vere stille. Du veit, tale er sølv, teiing er gull.

Jord

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

TeaterMeldingar
DAG OG TID

Festleg framsyning av musikalen Matilda

Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.

Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Grått og keisamt

Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

HumorFeature

Matprat og alder

Sei meg korleis du uttalar namn på matvarer, og eg skal seia kor gamal du er.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis