«Det seier eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk talar, skal dei svara for på domedag.»
(Matt 12:37.)
Nett kven som må svara for ordet Høybuktmoen, flyplassen til Kirkenes, må gudane vita. Høybuktmoen er ein montasje av antonym, motsetningar som ikkje heng på greip – ei vik i høgd som òg er ei slette! Det er eit oksymoron, med andre ord – det motsette av ein pleonasme, som er eit smør på flesk-ord av typen Nesoddtangen og tautologiredundans.
Eg har funne på mitt eige oksymoron, som eg med glede kan svara for her og no: Ordet kombi-nasjon. Ein fargerik fellesskap, tenkjer eg meg, av folk som har det sams at dei er ulike, og såleis vil vera ein og same nasjon, dei med.
Folk som strevar etter å leva i ein slik vakker kombi-
nasjon, er – sjølvsagt – kombinasjonalistar.
Andre som ønskjer seg ein eineveldig og urettvis
kombi-nasjon, kan vera kombinasjonalsosialistar. Om slike til dømes skulle skaffa seg større lebensraum ved å invadera eit anna land, og dette landet hadde nok quislingar til å skipa venelag for okkupanten, kunne dei kalla laget Kombinasjonal samling. Dei kunne gje ut avisa Kombinationen.
Kombinasjonalisme-ordet mitt med tilhøyrande derivat er såleis nyord på norsk, trur eg, men ikkje på engelsk. Combi-Nation er ei røyrleggjarbedrift i Rotherham i Sheffield i England, og dessutan eit å sjå til heller keisamt brettspel. Combinationalism får derimot 758 googletreff og eige oppslag i Merriam-Websters ordbok: «combinationalism (noun): the practice of combining varying intellectual elements especially without sufficient attention to systematic integration». Nett kva dette tyder, får dei lærde stridast om. Dei lærde lèt alle til å vera religiøse filosofar, for combinationalism viser seg fyrst og fremst å vera ein apologetisk strategi for å ikkje satsa alt på eit kort, men å kombinera fleire argument (til forsvar for religionen eller til åtak på ei konkurrerande tru) etter kva situasjonen og publikum krev. Genialt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.