JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Kattebursdag

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1911
20220527
1911
20220527

Korleis ville du reagert om du vart invitert til 2-årsdag, ikkje til eit barn, men til ein katt?

Lite visste eg at det var denne situasjonen eg sette folk i, då dottera min kom heim frå skulen ein dag og fortalde at ho hadde invitert klassekameratar på bursdagsfest for den høgt elska pusen, som fylte to år den 15. mai.

Eittårsdagen hans hadde vi feira for moro skuld, med nokre barn i nabolaget. For meg var det eit eingongstilfelle, for dottera mi ein institusjon. Denne gongen hadde ho ikkje berre invitert dei nærmaste naboane, men også klassevenninner ho til vanleg ikkje ser så ofte.

– OK! Berre ikkje inviter fleire, sa eg og tenkte det var stor sjanse for at invitasjonane hennar kokte bort i kålen.

Den 14. mai plinga det i telefonen til mannen min.

– Ein far spør når kattebursdagen startar på sundag, sa han.

OK! Eg hadde tenkt at barna kunne stikke innom når det passa, leike med pusen og ete litt brownies, laga frå pose. No måtte eg tenkje nytt.

– Eg trur vi må grille pølser, sa eg.

– Eg skriv klokka 17, sa mannen min.

Bursdagen var i ferd med vekse meg over hovudet. Eg hadde late dottera mi ta regien, og no måtte eg ta konsekvensane.

Den store dagen kom. Ikkje alle dei inviterte dukka opp, men somme gjorde det. Og dei kom ikkje tomhendte. Pusen fekk ei flunkande ny leike med fjør i dei finaste fargar. Han fekk fleire posar med snop, spesielt utvikla for kattar.

Kva barn kan setje i stand! Det var først då gjestene skulle hentast, det gjekk opp for meg at festen for dei stod fram som eit foreldrestyrt arrangement.

– Ja, ja. Det vert mange bursdagar om også kattar og hundar skal feirast, sa ein pappa.

Hintet kom ikkje åleine.

– Det var ikkje akkurat lett å finne ein dyrebutikk i Oslo sentrum, heldt han fram.

Var det no eg skulle seie at vi ikkje hadde kjøpt noka gåve sjølv, men berre laga ei av hyssing og papir? Eg lét det liggje. Eitt år til neste gong.

Jord

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis