JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

A-menneske

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1900
20220211
1900
20220211

Ein dag for ganske lenge sidan oppdaterte ein Facebook-ven av meg profilen sin med denne meldinga: «Verdsproblem nummer éin: A-menneska kjem tidleg på jobb og tar masse dårlege avgjerder før B-menneska kjem og ryddar opp.» Eg lo godt. Så godt at alle lesarar vil forstå kva for kategori eg plasserer meg sjølv i. 

No skal det seiast at eg alltid har starta tidleg på jobb; problemet er at eg i heile det vaksne livet mitt har slite med å stå opp – uansett om det er blåmåndag eller eit charterfly til Syden som ventar. Først etter fleire koppar kaffi har urverket vore smurt. 

Men i fjor haust bestemte eg meg for å ta kontroll, og eg utvikla ein hypotese: B-menneske kan gjerast om til A-menneske. Så la eg ein plan, eit A-menneske verdig. Eg stilte telefonalarmen ein time fram og plasserte han i stova, ein etasje under rommet der eg søv. Eg skreiv eit minutt-for-minutt-morgonprogram som inkluderte kos med katten, te trakta på kanne og ein halvtime yogatrening. 

Klokka ringde morgonen etter, og det var eit helvete. Men eg var oppe, eg koste med katten, trakta te og trena yoga. Eg heldt ut i tre veker fordi eg jo måtte ned trappa og slå av alarmen. Og så? Eg heldt det ikkje ut lenger. Det hadde vorte ein vane. Eg berre stod opp. Dei tre vekene var ein skjærseld eg måtte gjennom. Eg kunne nesten ikkje tru det. Kvifor hadde eg ikkje gått gjennom denne elden før?

Eg tok til å vakne før alarmen gjekk – ikkje berre i vekedagane, men i helgene òg. Når resten av huset tvinga seg opp, var eg for lengst lys vaken og takla det meste. Det varte til eg ein morgon skulle ut av heimekontoret. 

Morgonen starta som før, men ... Jakta på nøkkelkort, refleksar, mobiltelefon, opplada sykkellykter og alle dei andre tinga eg måtte heim att for å hente, fjerna jo heile effekten av morgonyogaen?

Eg har eit nytt sjølvhjelpsprosjekt framfor meg. Eg treng berre ein hypotese. Og ein plan.

Jord

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis