Let egga liggje lenger

Regjeringspartia endrar bioteknologiloven, men ikkje like mykje som Stortinget har vedteke.

Regjeringa vil fjerne aldersgrensa for prøverørsbehandling og utvide perioden for nedfrysing av egg når bioteknologiloven no skal endrast.
Regjeringa vil fjerne aldersgrensa for prøverørsbehandling og utvide perioden for nedfrysing av egg når bioteknologiloven no skal endrast.

Førre veke var dei fire regjeringspartia samde om å endre bioteknologiloven på 23 punkt. Endringane vert omtalte som ei «betydelig modernisering» som «vil bety mye for de som trenger hjelp til å få barn» i pressemeldinga frå Høgres helsepolitiske talsperson Sveinung Stensland. Men semja inneber gjennomføring av berre éin del av endringane det var fleirtal for då Stortinget behandla bioteknologimeldinga i fjor. Kva er dei store og viktigaste endringane? Vi spør Stensland.

– Det viktigaste er at vi i det heile teke gjer noko. Det har vore stillstand, og loven har lege fast sidan 2004. Det finst nye metodar forskarane ikkje har kunna bruke fordi dei har vore uavklarte i lovverket vårt. No fjernar vi òg til dømes aldersgrensa for prøverøyr, utvidar perioden for nedfrysing av egg og seier inseminasjon ikkje skal telje med i tilbodet om tre forsøk med assistert befruktning på staten si rekning. Det er store gjennomslag for dei som ønskjer å få barn.

– Vil endringane bidra til at det vert fødd fleire barn i Noreg?

– Dei fleste treng jo ikkje hjelp til å få barn, så det er ikkje drivkrafta bak endringane, men endringane er med på å gjere det enklare. Før måtte ein til dømes ha ein alvorleg sjukdom for å få fryse ned egg, og kvinnene måtte betale for det sjølv. No er det annleis.

– Stortingsfleirtalet har bede regjeringa opne for assistert befruktning for einslege, tillate eggdonasjon og tillate at friske kvinner får lagre egg og eggstokkvev, men det følgjer de ikkje opp fordi KrF er imot.

– Det er fleirtal på Stortinget for å opne for oljeverksemd i Lofoten, Vesterålen og Senja òg, utan at det vert gjort. Dette er heilt likt. Vi har saman med Venstre og KrF faktisk fått til å gjere endringar i bioteknologiloven. Det er meir enn andre parti har fått til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement