Krig
Lat det vere eit jordskjelv neste gong!
Når huset ristar og ein kjenner det – og ein bur i 20. høgda, ikkje i andre – vil det truleg seie at jordskjelvet er heller alvorleg, opp mot seks på Richter-skalaen.
Brannfolk sløkkjer brannar etter russiske rakettar i sentrum av Kyiv 10. oktober.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Men det var ikkje jordskjelv som fekk dotter mi, Gabriela, til å kjenne huset riste denne gongen. Byrjinga på ei ny veke i Ukraina var òg byrjinga på den første veka til general Surovikin som leiar for den russiske aggresjonen i Ukraina. Generalen – saman med Putin, vert det sagt – gav ordre om eit massivt missilåtak på alle dei store byane i Ukraina, inkludert hovudstaden Kyiv.
Irina Khazina, som bur i fjerde høgda i eit gamalt hus vis-à-vis hovudbygningen til universitetet, fekk ein del av taket blåse vekk av ein raketteksplosjon, undertaket fall ned, og alle vindauga fauk ut. Det er eit mirakel at ho ikkje vart skadd – ho gøymde seg i korridoren. No pakkar ho tinga sine for å flytte inn hos dottera Alena, som leiger eit husvære utanfor sentrum av byen.
Ein av dei russiske rakettane fall ned i Sjevtsjenko-parken, som er elska av folket i Kyiv og alltid full av menneske i alle aldrar. Raketten eksploderte i eit stort leikeområde finansiert av den femte presidenten i Ukraina, Petro Porosjenko, i den tida han berre ønskte å vere president. I staden for leikeplassen er det no eit djupt og vidt krater.
Ein annan rakett eksploderte i nærleiken av eit kontorkompleks, der mellom anna visumkontoret til den tyske ambassaden held til. Tyskland lova straks å levere det første IRIS-T-luftvernsystemet til Ukraina i løpet av nokre dagar. Tyskland har lova å sende dette systemet til Ukraina i eit par månader, men ingen ting har skjedd. No, etter at eit missil har råka det tyske konsulatet og sjølve den tyske ambassaden vart skadd av ein annan raketteksplosjon, vil nok lovnaden bli realisert raskare.
To andre missil råka varmekraftverk som produserer varme. Målet til Putin er føreseieleg og forståeleg: Han vil ta varme og elektrisitet frå innbyggjarane i dei store byane i Ukraina.
Ein annan rakett eksploderte nær den sentrale jernbanestasjonen. Glas vart smadra og flaug tvers gjennom den svære stasjonsbygningen, som straks vart evakuert og stengd. Toga gjekk likevel etter ruta, men ein kunne berre kome til plattformene gjennom to underjordiske passasjar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.