Kven skal eige Finnmark?
Strid om land og vatn i Karasjok skakar Finnmark. Ei ny kartlegging av eigarrettane i fylket kan setje eit historisk kompromiss på prøve.
Skal dei store naturområda i Karasjok forvaltast av Finnmarkseigedommen eller lokalbefolkninga? Spørsmålet skaper konflikt i Finnmark.
Foto: Heiko Junge / NTB
– Dette er den viktigaste saka vi har hatt til handsaming, sa Jan Olli, direktør i forvaltningsorganet Finnmarkseigedommen (Fefo), i eit styremøte onsdag 25. november, ifølgje NRK Sápmi, som var til stades.
Fefo kom til verda i 2006 som eit resultat av finnmarkslova, eit historisk kompromiss om rettar til, og forvaltning av, land og vatn i eit område større enn Danmark. Etter lang og hard debatt vart det året før avgjort at Statskog ikkje lenger skulle forvalte areala i Finnmark på vegner av staten. I staden skulle Fefo forvalte 95 prosent av grunnen i Finnmark, på vegner av befolkninga i fylket, og styrast av Sametinget og fylkeskommunen. Styresamansetjinga var viktig. Tre representantar vert valde av Sametinget og tre av fylkeskommunen.
Denne novemberdagen ville direktøren få styret med på å avvise ei avgjerd, også den historisk, fatta i Finnmarkskommisjonen i november i fjor.
Lokalt eigarskap
Som Fefo er Finnmarkskommisjonen eit barn av finnmarkslova, etablert for å kartleggje eksisterande bruks- og eigarrettar i Finnmark, erverva på grunnlag av langvarig bruk. Inntil november i fjor fanst det ingen avgjerder i kommisjonen som førte til at forvaltninga av land og vatn i Finnmark vart splitta opp. To stridar er avgjorde i Høgsterett.
Så kom handsaminga av den samiske reindriftskommunen Karasjok i indre Finnmark, ein av landets største kommunar i utstrekning, som ligg i eit område der det var venta at samiske eigar- og bruksrettar stod sterkt. Eit fleirtal i kommisjonen, tre av fem, slo fast at land og vatn i Karasjok er kollektivt eigde av lokalbefolkninga i kommunen, uavhengig av butid og etnisitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.