JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

På eitt felt er norsk ulvepolitikk ein fiasko. Ulven er innavla
og sjuk. Etter det meste å døma vert friske dyr krypskotne i Nord-Noreg på veg frå Finland og Russland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5220
20170623
5220
20170623

Innavl av dyr er fæle saker: For det fyrste fører eit stadig mindre genutval til at dei toler mindre, og for det andre fører det til direkte sjukdomar, særleg i det nevrologiske systemet. Den sørskandinaviske ulven er nærare i slekt enn kva sysken er, og heile stamma er bygd på berre sju individ. På side 6 i ulvemeldinga vert dei to største trugsmåla mot sørskandinavisk ulv ramsa opp:

«En betydelig trussel mot den sør-skandinaviske ulvebestanden på lang sikt, er at bestanden er basert på et lite antall grunnleggere og er sterkt innavlet, og at bestanden er isolert fra andre populasjoner. Tilførsel av nye gener fra ubeslektede individer (genetisk viktig ulv) har derfor stor betydning for å unngå utdøing. Samtidig er ulovlig avliving den viktigste dødsårsaken for ulv i Skandinavia, og står for om lag halvparten av den totale dødligheten.» Om vi tek med trafikkskadar og lovleg jakt, døyr langt dei fleste ulvar i Noreg og Sverige av menneskepåførte skader.

Finsk og russisk

Departementet skriv rett ut at skal ulven i Sør-Skandinavia overleva med ein «gunstig bevaringsstatus», føreset det «en jevnlig innvandring av ulv fra Finland/Russland med nye gener». Men det skjer ikkje. På 40 prosent av norsk landareal vert det halde tamrein, og 70 prosent av all drift går føre seg i Finnmark. Miljøverndepartementet gjer det heilt klart at det ikkje skal koma kull i Finnmark eller verta ulvesoner der sidan reindrifta er verna. Men samstundes er det òg klart at ulv ikkje har noko som helst problem med å vandra frå Sør-Skandinavia til Finland og Russland og andre vegen når dei vil ha seg ny partnar.

«Den lengste dokumenterte utvandringen frå Skandinavia er fra ei ung ulvetispe født i Hedmark, som 20 måneder etter at den vandret ut av det norske ulvereviret ble skutt i det nordøstlige Finland ca. 8 km fra grensen til Russland. Denne ulvetispa hadde da tilbakelagt en strekning på 1.100 km i luftlinje fra fødselsreviret», står det på side 25 i ulvemeldinga.

Svensk
dokumentasjon

Russland har eit grensegjerde inne på eige område mot Finland og Noreg, og gjerdet hindrar litt dyretrafikk, men det er teke ei mengd DNA-prøver av finsk ulv som syner utveksling over gjerdet. Den russiske og finske ulven er sjeldan radiomerkt, men det er stadfesta om lag 20 sikre ulveobservasjonar i Finnmark dei siste åra. Desse ulvane har stort sett vore på veg sørover etter partnar, og spørsmålet er kvar dei har vorte av, for vi finn dei ikkje i form av nye genar og ny DNA sørpå. Vi har spurt ein del ulveforskarar om kvar dei trur ulven vert av, og dei reknar enkelt og greitt med at dei som driv med reindrift, skyt dei og grev dei ned eller fraktar dei bort. «Statistisk sett er det den nærliggjande forklaringa, ja.»

Samane er i tilfelle på ingen måte åleine om dette, sidan vi veit at halvparten av den sørlege ulven vert skoten, men ulven som kjem sørover, er uendeleg mykje viktigare enn ulven vi alt har her i landet. I Noreg er det ikkje forska på ulovleg skyting av ulv og andre rovdyr nordpå, for som ein forskar seier: «Feltet er for kontroversielt, og dei samiske organisasjonane er alltid høyringsinstansar.»

Men i Sverige har det vorte gjennomført mykje slik forsking. Ei gruppe internasjonale forskarar, inkludert norske, har i forskingstidsskriftet Conservation Letters publisert eit stort arbeid om drap på rovdyr i dei store nasjonalparkane i Nord-Sverige; ifølge artikkelen «National Parks in Northern Sweden as Refuges for Illegal Killing of Large Carnivors» går det føre seg mykje meir krypskyting i desse nasjonalparkane enn i områda rundt, sidan der knapt er menneske om vinteren. Men rovdyra er radiomerkte. Samane får som einaste gruppe nytta skuter og halda tamrein der. Artikkelen dokumenterer at skytinga går føre seg frå snøskuter og i fødeområda for rein. Flest dyr vart skotne medan snøen låg djupast rett før snøsmeltinga.

Avviser alt

Forskarane tilrår sterkt at ein må få endra kulturen for krypskyting i nasjonalparkar og i Norden: «Dette er særleg viktig i Lappland og liknande område med to vernemål: å sikre vern av innlands biodiversitet og trykkja urfolks arv og levemåte.»

Ellinor Jåma, leiar av Norske Reindriftsamers Landsforbund, avviser totalt at norske samar driv med krypskyting av store rovdyr, inkludert ulv.

– Krypskyting skjer i alle samfunn, men eg har ikkje noko som helst grunnlag for å tru at det skjer hjå norske reindriftssamar.

– Men forskarar seier krypskytinga skjer frå snøskuter i Sverige?

– Vi reindriftssamar har så stor respekt for systema. Det er nettopp av di vi har slik stor respekt at vi bed om å få ein reduksjon i talet på rovdyr. Hadde vi skote alle vi hadde sett, hadde det ikkje vore ei rovdyrplage.

– Men nokre dokumenterte tilfelle av skyting av store rovdyr og ulv har det vore?

– Ja, og då har reindriftssamane sagt frå til styresmaktene med éin gong, teke sakene inn for rettssystemet og sagt det har vore naudverje, som det sjølvsagt har vore.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Hadde vi skote alle vi

hadde sett, hadde det

ikkje vore ei rovdyrplage.

Ellinor Jåma

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis