Kritikk for byggeskikkTakstmenn og eigarar meiner nye bustader har for mange feil og manglar. Utbyggjarane er ikkje samde. No er ny kunnskap på veg.
Takstmenn og eigarar meiner nye bustader har for mange feil og manglar. No er ny kunnskap på veg.
Prospekta på nybygg er glansa, alt ser fint og flott ut. Om det er slik i røynda òg, er det fleire som stiller spørsmål ved.
Cato Ove Karlsen er dagleg leiar i Fagrådet for våtrom, dei dyraste romma i heimane våre, og han er skaka over utviklinga.
– Me er oppgitte. Mange, særskilt utbyggjarane, tenkjer berre på økonomi og vel så dårleg kvalitet at dei burde ha vore fengsla. Det glimer på utsida, men ikkje på innsida, seier han.
Han viser til at utbyggjarane ofte leverer ei vare av eit kjent merke «eller tilsvarande».
– Dette «tilsvarande» er ofte søppelmateriale, seier han.
Før måtte nybygg gjennom ein bygningskontroll før dei fekk ferdigattest frå kommunen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.