Kommentar
Krigshandlingane mot Venezuela blir råka av ein viktig, men litt bortgøymd del av folkeretten, skriv Astri Suhrke.
Medan USA sender ut signal om krig mot Venezuela – sakte, men sikkert, lik oppløpet til invasjonen av Irak i 2003 – dukkar spørsmåla opp: Er det etter folkeretten nokon skilnad på å bombe det som kan vere narkomål på land, og å gå til åtak på småbåtar med mogleg narkolast til havs? Er lovløysa i begge tilfella heilt sjølvinnlysande? Og spelar det noka rolle om lova blir broten?
Krigshandlingane mot Venezuela som Donald Trump-regjeringa står bak, blir råka av ein viktig, men litt bortgøymd del av folkeretten: åtakskrigar. Det har vore ganske mange av dei i åra som har gått, men dei ansvarlege har sidan Nürnberg- og Tokyo-prosessane etter andre verdskrigen ikkje vore straffeforfølgde, sjølv om prinsippet blei skrive inn i folkeretten i 2010. Det såkalla Kampala-tillegget til vedtektene for Den internasjonale straffedomstolen (ICC) tredde i kraft nokre år seinare, etter at dei nødvendige 30 landa hadde ratifisert det.
Noreg er ikkje mellom dei landa som ratifiserte Kampala-tillegget. Framlegg om ratifisering var ute på høyring i fjor og skapte ein liten debatt før det blei skrinlagt.
Truleg var saka for kjenslevar – vår hovudallierte har jo ein tendens til å gripe til militærmakt i mogleg strid med folkeretten. Sjølv Russlands fullskalainvasjon av Ukraina var ikkje nok til å mobilisere sterk internasjonal støtte for forbodet mot åtakskrigar.
Eit amerikansk åtak på Venezuelas territorium eller på dei militære styrkane deira er eit klart brot på det folkeretten definerer som ei «aggresjonshandling». Anten det er snakk om bombing eller annan våpenbruk: Det må ingen storstilt invasjon til for at ein skal kunne kalle det eit brotsverk etter vedtektene til straffedomstolen. Åtak mot sivile småbåtar i internasjonalt farvatn kjem inn under ein annan del av folkeretten, men er i prinsippet òg ei kriminell handling.
Lettvint idealisme?
Er det lettvint idealisme å vifte med lova om åtakskrig når få statar tek lova alvorleg?
Den første staten som ratifiserte Kampala-tillegget, var Liechtenstein. Landet blei følgt av Trinidad og Tobago, småstatane som no deltek i militærøvingar utanfor Venezuela saman med amerikanske marinestyrkar.
To argument blir førte her. Det første er at det er viktig i seg sjølv å føre vidare eit prinsipp som er ein grunnstein i tanken om FN og den verdsordninga som tok form etter 1945.
Trugsmåla mot Venezuela frå går inn i eit større mønster i amerikansk politikk der lovløyse blir sett i system.
Det andre er at trugsmåla mot Venezuela frå Trump-regjeringa går inn i eit større mønster i amerikansk politikk der lovløyse blir sett i system.
Etter dei første åtaka mot småbåtar utanfor kysten av Venezuela blei visepresident J.D. Vance utfordra på sosiale medium, der ein kritikar påstod at dette var eit krigsbrotsverk.
I ei melding på X svarte Vance: «Eg drit i kva du kallar det.» Med andre ord: Om ei handling er lovleg eller ikkje, spelar inga rolle. Dette kjem altså frå ein person med eksamen frå det juridiske fakultetet ved Yale-universitetet, eit av dei mest anerkjende i landet. Han er òg visepresident i USA.
Meir urovekkjande er ei offisiell erklæring frå presidentkontoret (Executive Order) datert 18. februar 2025. Punkt 7 i erklæringa legg ned forbod mot alle regulativ eller tolkingar av lova som motseier meininga til justisministeren eller presidenten. I februar drukna erklæringa i straumen av vedtekter som Trump signerte like etter at han var innsett. Det var ei kaotisk tid. Med Trumps stadig meir omfattande politiske bruk av justisdepartementet har erklæringa igjen kome i søkjelyset.
Bruk av lova
Trump og hans næraste allierte har valt å rettferdiggjere Venezuela-politikken i knappast mogleg form. Den stadig meir omfattande kampanjen mot landet blir grunngjeven med påstanden om at det blir gjort i sjølvforsvar, i kampen mot ein «invasjon» av narkotikasmuglarar og ulovlege immigrantar, organisert av ein kriminell bande som samarbeider med president Nicolás Maduro. Alle krigshandlingar mot Venezuela er difor lovlege. Trump og hans næraste har ikkje bede om vidare utgreiing av rettsgrunnlaget for kampanjen, og februarerklæringa har sett ein stoppar for meiningar som ikkje er etterspurde.
Dette står i skarp kontrast til måten ein tidlegare president brukte lova på for å rettferdiggjere ein kontroversiell og utvilsamt folkerettsstridig politikk. I den såkalla krigen mot terror sette regjeringa til George Bush jr. ei behandling av fangar som i allmenn forstand innebar tortur, i system. Men Bush bad først rettsavdelinga i justisdepartementet om passande råd. Han fekk fleire – dei såkalla Torturnotata. Det viktigaste var notatet fra rådgivaran John Yoo, som forsvarte bruk av tortur med andre ord.
Torturnotata, og særleg det 81 sider lange skrivet fra Yoo, provoserte i alle fall omtrent like mange av landets framståande juristar til å kome med eit sterkt motsvar. Dermed var debatten i gang. Etter kvart spreidde han seg og fekk viktige ringverknader. Det førte mellom anna til Kongressens sterke avsløringar av korleis CIA behandla krigsfangar utanfor USA, og med tida kom det ei endring.
Denne gongen har debatten uteblitt, i alle fall så langt.
«Eg slår fast»
Favorittuttrykket til Trump er «eg slår fast» (I determine). Med det har han skapt ei ny røynd, som kommentatoren Charlie Savage nyleg skreiv i New York Times. Trump ber ikkje eingong rettsavdelinga i justisdepartementet om å greie ut grunnlaget for åtak på Venezuela og småbåtar på havet. Motsvar blir hengande i lause lufta.
I kritiske medium blir berre namnlause ekspertar siterte på at den reelle og juridiske røynda som Trump har skissert, er falsk. Bombing av sivile småbåtar til havs er faktisk ulovleg. Pentagons utarbeiding av bombemål i Venezuela, i tillegg til fullmakta CIA nyleg fekk til å utføre løynde operasjonar i området, framstår i det minste som trugsmål om ein åtakskrig.
I dette tilfellet blir ikkje lova eingong manipulert. Ho blir fullstendig sett til side. Rommet for rasjonell debatt skrumpar dermed inn, og spørsmåla som blei stilte innleiingsvis, fører til eit nytt: Med lite rom for rasjonell debatt, kva arenaer står att for å ta opp kampen mot autoritære regime, anten dei er av den nordamerikanske eller søramerikanske varianten?