Krig
Krig, sopp og vassmelon
Den første snøen fall på fjella Pip Ivan og Dragobrat i Karpatane. Han vart liggjande, og det vil han gjere til seint på våren 2023.
Ukrainske sivilistar lagar haustfarga kamuflasjenett for hæren på dugnad i grensebyen Lviv, målet er to tusen rutemeter. Men vinteren står for døra, og då trengst det atter nye nett, i kvitt. Har ukrainarane nok sengety å klippa opp, undrast Andrej Kurkov.
Foto: Pavlo Palamarchuk / Reuters / NTB
Men nedanfor, i dalstroka, skin sola frå tid til anna, og temperaturen stig til 17 gradar celsius.
Transkarpatia lever sitt vanlege liv, livet til regionen som ligg lengst frå fronten. I september kom soppsesongen, og titusenvis av menneske gjekk ut i skogane. Smakfull steinsopp (Boletus edulis) finst det nok av til alle plukkarar i Transkarpatia.
Under vanlege tilhøve kan soppsankinga – i tillegg til å vere ei fin tidtrøyte – gje eit tilskot til inntekta, ettersom regionen til vanleg er full av turistar som gjerne betaler for tørka sopp til suppe og marinert sopp til festbordet.
No er det nesten ikkje turistar der, og folk som er førebels fordrivne, har gjeve seg med på jakta etter sopp for å få variasjon i ernæringa og spare litt pengar. Å plukke sopp er billigare enn å kjøpe han på marknaden.
Men nykomarane kjenner ikkje dei lokale skogane særleg godt og går seg ofte bort. Somme lyt til og med sende bod etter hjelp. Førre helg laut hjelpemannskap i tillegg ta seg til fjells fire gonger for å finne fastbuande som hadde klart å tulle seg vekk eller skade seg.
Soppsesongen skaper òg nokre alvorlegare problem for dei lokale legane. Kvar haust blir fleire titals menneske – lokale og besøkjande – forgifta av sopp. Av og til er det fatalt. Og oftast på grunn av dei populære men uvitskaplege metodane for å teste om soppen er etande – metodar som har vore uendra i fleire hundre år. Ein må først koke soppen, av og til i to vatn, og så steike han eller stue han med poteter. Når ukrainarar koker sopp, kastar dei ein skrella lauk oppi vatnet og trur at om han blir mørk på let, er det minst éin giftig sopp i gryta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.