Krig

Krig, brotsverk og straff

For ei veke sidan gjekk den russisk-ortodokse kyrkja og dei russiske militære styrkane saman om ein spesialoperasjon for å styrke forsvaret av dei russiske grenseområda mot ukrainske dronar.

Helikopterprestane som held bøn for russisk siger og skvettar heilagt vatn over Kozelskyj-distriktet i Kaluga-regionen i Russland.
Helikopterprestane som held bøn for russisk siger og skvettar heilagt vatn over Kozelskyj-distriktet i Kaluga-regionen i Russland.
Publisert

Det starta i Kaluga-regionen, der to lokale prestar, inkludert fader Mikhail Semenov, i lag med soldatar frå Kozelsk missildivisjon, fór til himmels i eit militærhelikopter. Der oppe heldt dei ei bøneteneste for russisk siger, og dei skvetta 100 liter heilag vatn over området. Det skal verne Kozelskyj-distriktet i Kaluga-regionen mot ukrainske dronar.

Frå Kozelsk til Moskva er det 250 kilometer, og til den ukrainske grensa er det 270. Byen ligg så å seie i midten, og av og til høyrer dei eksplosjonar i Kozelsk, til liks med heile Kaluga-regionen. Det russiske militæret opplyser at det skyt ned ukrainske dronar på veg til Moskva.

Etter å ha dusja byen og omliggjande område med heilag vatn blir det kan hende færre eksplosjonar? Prestane insisterte dessutan på at militærhelikopteret, med dei om bord, skulle signe territoriet med å fly over det i form av ein kross.

Trass i alle desse prosedyrane satsar dei der nede, i Kaluga-regionen, ikkje all si tru på kyrkja, men er aktivt på jakt etter nye soldatar til det russiske militæret. Kampanjen som reklamerer for militærtenestekontraktar, held fram over heile Russland. Språkleg legg kampanjen større vekt på det kontraktmessige enn på sjølve militærtenesteaspektet. Avtalen mellom staten og den verva soldaten blir presentert som eit forhold på aller høgste tillitsnivå mellom individet og militærtenesta, og som noko alle menn bør trakte etter.

Ivan Golovid, som er medlem av samarbeidsorganet mellom stat og borgar (Public Chamber) i Kaluga-regionen, har sagt: «Ein kontrakt er ei form for garanti og vern. Staten lovar å garantere sosiale stønader, økonomiske og materielle godtgjersler og utdanning for borna til militært personell. Dette er eit teikn på sivilisasjonsgrunnlaget staten er bygd på. Den russiske staten har alltid vore basert på tenester til fedrelandet, tsaren og religionen. I ein moderne samanheng viser dette at vi står høgt over det såkalla ’siviliserte Europa’.»

Erklæringa til Golovid vart offentleggjord i både nettaviser og publikasjonar på papir. Ho er berre ein liten del av ein kraftfull propagandakampanje som har til mål å sende så mykje fersk kanonføde til Ukraina som mogleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement