JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Turistar som både problemet og løysinga

Reiselivet har vorte næringa vi elskar å hate og hatar å elske.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mange hundre turistar går dagleg opp sherpatrappa til Reinebringen i Lofoten, eit populært «Insta-point».

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

6644
20240621
6644
20240621

Medan du les dette, køyrer campingbilane i kø langs dei smale vegane i Lofoten. Turistbussane kranglar om dei få parkeringsplassane ved Låtefossen i Odda, cruiseskipa ligg tett som amerikanske skyskraparar utanfor Geiranger, og sykkelturistar bannar over prisen på Nordkapplatået.

Men kanskje fangar nokon si fyrste bylgje på Hoddevikstranda ved Stad. Nokon lèt seg kanskje fengsle av mangfaldet i Vigelandsparken, svarar «ja» på eit frieri på Gaustatoppen eller får sin fyrste smak av brunost på Brimi Seter i Jotunheimen og ser samanhengen mellom smaken, dyra og landskapet.

For slik er turismen: mangesidig – og vanskeleg. Eg vert ikkje klok på det: Korleis i alle dagar skal eg legge opp ein ferie som ikkje skapar problem, men samstundes gjev meg noko attende?

«Slitasjen på mellom anna Trolltunga, Preikestolen, Lofoten og Flåm sentrum syner korleis turisme gjer det vakre til noko overfløymt og stygt.»

Arbeidsplassane

Det er ikkje måte på kor mange utfordringar og problem turismen hjelper oss med å løyse. Kanskje særleg i distrikta – det er trass alt naturen vi fyrst og fremst sel her til lands, både til våre eigne og utlendingane.

Ein ting er arbeidsplassane direkte i næringa. Vi sel uvêr og nordlys og snø som berre juling for å unngå at arbeidsplassane vert sesongprega og arbeidarane langvegsimporterte, men lukkast berre sånn måteleg.

Men også andre næringar får beskjed om å nytte turismen – alt frå bønder som inviterer besøkande inn på stølane sine, til bygningar som går frå tradisjonell nyttebruk som naust, låve og fabrikk til turistbruk som overnatting. Ved å kombinere kvardag med ferie skal samfunnet gå opp.

Det ekte bør unngåast

Men det går jo openbert ikkje opp. Slitasjen på mellom anna Trolltunga, Preikestolen, Lofoten og Flåm sentrum syner korleis turisme gjer det vakre til noko overfløymt og stygt.

Alle søker vi ekte opplevingar, men det som framleis finst av slike, bør unngåast og ofte haldast så langt unna turistar som mogleg: «Summen av ulike former for aktivitet knytt til friluftsliv og ferdsel har i dag stor negativ effekt på villreinen i dei fleste nasjonale villreinområda», står det i stortingsmeldinga om villrein frå tidlegare i år. Vi må ut i naturen for å verte medvitne om han – men folkevandring til fuglefjell er neppe positivt for eit særs pressa fugleliv.

Men kan vi ikkje berre reise på hytta, då, slik vi gjorde før i tida?

Haha. Ja, eg kan høyre deg le gjennom avissidene. Ingen trur vel på hyttelivet som noko berekraftig alternativ lenger, all den tid hytta har vorte ein sekundærbustad med meir komfort og plass enn gjennomsnittsmennesket i verda kan drøyme om å kome i nærleiken av. Ikkje så lenge vi helst skal ha ei hytte på fjellet til skiturismen og ei ved sjøen til båtlivet, i tillegg til familiehytta vi deler med syskena våre i Gudbrandsdalen der bestemor voks opp.

Kunstige alternativ

Dei feriealternativa vi står att med utan å skade nokon, er ikkje berre få, dei er også dyre, klaustrofobiske og kunstige: Dyreparken, Tusenfryd, Legoland og Kongeparken er obligatoriske sommarstopp for dei fleste småbarnsfamiliar, men kan prisen per ferieminne forsvarast? Og kva skal vi vaksne gjere?

«Skal du treffe ekte islendingar, er kjøpesenteret det beste alternativet.»

Det er lett å seie at vi må gå over til å prioritere dei skikkeleg gode opplevingane. Men er det sant at det alltid er dei små opplevingane ein hugsar best? Sjølv hugsar eg godt vasskrigane eg hadde med fetrane mine på garden deira utanfor Årnes. Men kjensla av å stå tett inntil far min og høyre gamal dixieland-jazz på ein stappfull Preservation Hall i New Orleans sit jammen også ganske godt i.

Det må vere lov å søke gode opplevingar utanfor kvardagen og i framtida. Vi treng å sjå at verda er større enn vår eiga – men vi må gjere det saman med, ikkje på sida av eller mot, den verda vi vitjar.

Om vi ikkje kan forby turisme, må løysinga ligge i små tilpassingar i kvar enkelt reiselivshandling. Men tilpassingane må monne: Om du brukar hotellhandkledet ditt ein, to eller tre gonger før du hiv det på golvet, har særs lite å seie. Difor trøystar det meg lite når NHO Reiseliv presenterer si satsing på berekraft med: «Et grønt reiseliv betyr økt verdiskaping og økt sysselsetting, og det er en mulighet som norske reiselivsbedrifter for lengst har tatt innover seg. Bransjen er en foregangsnæring når det gjelder bærekraft ved å sette miljøstandarder både for de ansatte og for gjestene som benytter seg av tjenestene.»

Skal vi «ofre» stader?

At det finst miljøstandardar, stemmer jo. Men det er nærast umogleg å sjå på turistnæringa i Noreg og ikkje fyrst og fremst sjå at det står veldig mykje att.

Kan vi klare å peike ut ei retning? Sjølv det er vanskeleg. Vi kan skufle turismen inn mot hovudutfartsårene. Det er mogleg rett og slett å «ofre» nokre stader – som Geiranger, Flåm, Loen, Lofoten og Hardanger – på turistalteret, slik at vi kan bevare resten meir urørt. Men det er jo litt trist.

Skal vi då i staden søke å spreie oss tynnare utover? Gå på leiting etter dei skjulte perlene? Då vil jo problemet snart vere at dei verken er skjulte eller perler lenger. Island skal etter sigande vere eit døme på dette: For nokre år sidan fanst det framleis varme kjelder som berre islendingar visste om. Det gjer det ikkje lenger. Turistane er overalt. Skal du treffe ekte islendingar, er kjøpesenteret det beste alternativet.

Usosiale feriemål

Somme gonger er det ikkje feriekonseptet det er noko i vegen med. Ideen om ei hytte er god, den – ein enkel bustad der ein brukar mykje av sommaren på å vere i ro ein annan stad enn heime. Problemet er utføringa – storleiken, skalaen og omfanget hyttebygginga går føre seg i.

Rolla reiselivet har som statusbyggar, er truleg heller ikkje særleg sunn: Kva om vi ikkje fekk lov til å dele eit einaste feriefotografi på sosiale medium? Kor ville vi reist då? Kva om du kan gå kor du vil i fjellheimen, men du kan ikkje dele eit einaste bilete frå turen på Instagram? Vil du framleis gå? Om ikkje hadde du lyst nok i utgangspunktet?

Nei, lat oss halde fram med å utvikle medvitet. Ei sommarferiereise inneber uendelege sjansar, og det er dette som er både problemet og løysinga. Vi må tenkje stort – store opplevingar er bra – samtidig som vi tenkjer smått – for storleiken på opplevinga er jo ikkje nødvendigvis styrt av kor lang, dyr eller eksklusiv reisa er.

Balansekunst. Fleire tankar i hovudet samtidig. Lett? På ingen måte. Men tenk for ein ferie det kan verte.

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis