JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Språklov med misbrukte sjansar

Etter tre lovutkast på åtte år vedtek Stortinget no ei språklov om lag slik regjeringa Solberg ville at den skulle vere. Taparen er det partiet som mest av alle ville ha ei ny språklov.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Thorild Widvey gjekk av som kulturminister i 2015 og etterlét seg eit utkast til ny språklov.

Foto: Heiko Junge / NTB

6256
20210305
6256
20210305

Kommentar

grepstad@online.no

Stortinget har vedteke språklover i 1930 og 1980, ein grunnlovsparagraf om samiske språk i 1987, og fleire paragrafar om samiske språk i lov om Sametinget av 1990. Med lovene av 1930 og 1980 følgde forskrifter som med tida blei ganske detaljerte. Den nye språklova er på si side meir heilskapleg enn ordskiftet om lova.

Lover blir gitt for å fremje ei bestemt åtferd eller for å løyse eller hindre bestemte konfliktar. Difor er føremålet med lova viktig, heiter det i den juridiske innføringslitteraturen. Føremålet er mykje vidare i lova av 2021 enn i 1980, men dette viser for lite att i innstillinga frå kulturkomiteen 28. februar. På ny drøftar stortingspolitikarane mest forholdet mellom nynorsk og bokmål utan å nytte høvet til å etablere samanhengar med resten av det vide språkfeltet.

To lover

Den første språklova i 1930 kom til etter godt førebudde initiativ frå målrørsla. Lova utgjorde berre ni linjer i tre paragrafar og handla mest om kva plikter som gjaldt for statstilsette, dei som i 1930 var yngre enn 25 år, og som hadde examen artium, lærarskule eller tilsvarande utdanning. Dermed tok det mange tiår før lova faktisk gjaldt for det store fleirtalet i statsforvaltninga.

«Me vann ikkje so stort med maallovi som me hadde venta», skreiv Gustav Indrebø i Den 17de Mai alt i 1930.

Det sette ein tone som målrørsla forsterka i tiåra som følgde. Ein blei meir oppteken av å kritisere lovbrot enn å framheve det faktum at mange statstilsette faktisk gjorde som Stortinget ville. Då Stortinget vedtok ei ny og vidare språklov i 1980, hadde desse mange klagemåla gjort sitt til at lovfesting av språk stod ganske svakt politisk.

Som i 1930 handla 1980-lova om statsdelen av offentleg forvaltning. Regjeringa Nordli vurderte om lova også skulle gjelde for kommunar og fylkeskommunar, men utsette problemet. 40 år seinare blir det nokre lause lovkrav til fylkeskommunane og endå færre til kommunane.

Odelstinget vedtok førre språklova 28. februar 1980. Det var tre dagar etter at regjeringa stoppa anleggsarbeidet i Alta for å avklare forholdet til kulturminnevernlova. Likevel heldt urfolk og historiske minoritetar til ein stad utanfor det språkpolitiske synsfeltet.

Nynorsk og bokmål

Då regjeringa Stoltenberg la fram den store språkmeldinga si sommaren 2008, var eitt av dei viktigaste tiltaka å lage ei ny og heilskapleg språklov. Ingen av dei tre kulturministrane frå Arbeidarpartiet prioriterte språkpolitiske reformer etterpå. Først sommaren 2013 låg det difor føre eit internt høyringsframlegg til ny språklov i Kulturdepartementet. Den ambisiøse lovteksten blei liggjande, og etter stortingsvalet den hausten var det gamle politiske fleirtalet borte.

Kulturminister Thorhild Widvey (H) gjekk i gang med eit nytt framlegg til språklov som ikkje skulle utløyse nye språklege rettar. Undervegs var det heilt uaktuelt å rådføre seg med Språkrådet. Begge regjeringspartia den gongen hadde ganske lite til overs for dette fagorganet. No får Språkrådet lovfesta roller, men saksordførar Marianne Haukland (H) har alt presisert at Språkrådet skal ikkje vere noko språkpoliti.

Ei tredje, vidare lov

Widvey gjekk av, og eit meir eller mindre ferdig lovutkast låg att. Då Venstre gjekk inn i regjeringa vinteren 2018, var ei av hovudsakene for kulturminister Trine Skei Grande å få vedteke ei ny språklov. Etter ei tid gjorde utanforståande henne merksam på 2013-framlegget, og truleg er noko derifrå med i den lova som no blir vedteken. Viktigare er det at særleg det Høgre-styrte Kommunal- og moderniseringsdepartementet meinte mykje om det lovframlegget som no inneheld 22 paragrafar.

Som partileiar hadde nok Grande større politisk tyngd enn etterfølgjaren i departementet. Det ser difor ut til at Høgre-preget er noko sterkare i det endelege lovframlegget sommaren 2020 enn det var i høyringsutkastet hausten 2019.

Undervegs var særleg kvenske organisasjonar svært kritiske. Dei ville at kvensk skulle ha same formelle status som dei samiske urfolksspråka. Ein institusjon som Nynorsk kultursentrum meiner det er svært viktig at Noreg gjennom språklova anerkjenner det faktiske språkmangfaldet i Noreg. Frå samiske og kvenske miljø var det lite å finne av liknande resonnement då kulturkomiteen la fram innstillinga si. Verken Norske Samers Riksforbund eller Norske kveners forbund tykte saka var viktig nok til å publisere nokon kommentar på nettstadene sine. Nynorskmiljøet sa for sin del tydeleg frå om at lova svekkjer vilkåra for nynorskbrukarane. Om det går slik, er altfor tidleg å seie.

Likesæle og kritikk

Ei språklov burde vere ei storhending, og røynslene med dei to førre er at lova blir ikkje viktigare enn det eit samla miljø av språkpolitiske aktørar gjer den til. Meiningsdanninga i 2021 minner om reaksjonane i både 1930 og 1980. Vonbrot og kritikk den gongen tek no meir form som kritikk og likesæle. Det er eit dårleg utgangspunkt for at språklova får så mykje å seie språkpolitisk som nokon vona då dei første paragrafane blei skrivne for åtte år sidan.

Mest nøgde kan Fram­stegspartiet og Høgre vere. Venstre fekk aldri gjennomslag for den lova partiet helst ville ha, og det tek til å bli lenge sidan språkpolitikk verkeleg var viktig for mange nok i Kristeleg Folkeparti.

Det patetiske står dei raudgrøne opposisjonspartia i Stortinget for. No er det ikkje måte på kor viktig det er for dei å styrkje bokmål og nynorsk andsynes engelsk, og å styrkje vilkåra for nynorskbrukarane. Alt dette og mykje meir kunne dei ha ordna med det stortingsfleirtalet dei hadde fram til 2013. Det høvet nytta dei ikkje.

Komitéinnstillinga om språklova inneheld 18 mindretalsforslag. Diverre er innstillinga skjemd av polemikk partia imellom. I ein merknad kritiserer to parti jamvel eit parti som ikkje er representert i komiteen. Slikt er eit særsyn og lovar ikkje godt for dei som vil at språkpolitikk skal vere viktig også i Stortinget.

Ottar Grepstad er forfattar, språk- og litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det patetiske står dei raudgrøne opposisjonspartia i Stortinget for.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis