JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Kyrkja støttar Putin, men det er neppe nok

Dei neste kritiske dagane vil den russiske kyrkja vera ei konserverande kraft. Men det er langt frå sikkert at det kan redda Putin.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
11. september 2021: Vladimir Putin og patriark Kirill i den russiske ortodokse kyrkja tenner talglys på ein minnestad ved Peipussjøen, der slaget på isen skal ha stått i 1242.

Foto: Alexei Druzhinin / AP / NTB

7318
20220304
7318
20220304

Heilt sidan oppløysinga av Sovjetunionen har den russisk-ortodokse kyrkja vore eit mektig organ i hendene til dei russiske styresmaktene. Kyrkja har velsigna våpna. Ja, sjølv atomubåtar er blitt velsigna av det ortodokse hierarkiet.

Sist sundag følgde overhovudet for den russiske kyrkja, patriark Kirill, opp denne tradisjonen. I ei fråsegn sa han at det som no skjer, ikkje måtte føra til ei splitting av det ukrainske og det russiske folket:

– Gud gjev at den noverande politiske situasjonen til brorfolket vårt i Ukraina ikkje fører til at dei vonde kreftene som alltid kjempar mot einskapen til Rus og til den russiske kyrkja, skal få overtaket, sa patriarken.

Han slo fast at Ukraina – etter hans syn – var ein del av det han kalla «det russiske landet». Krigen som no går føre seg, er altså ein krig mellom brør som høyrer saman, ikkje mellom to land.

Tett samband

Utspelet til patriark Kirill, som er gjeve att mellom anna i avisa Nezavisimaja Gazeta, er så lite uventa som noko kan bli. Som i tsartida har det vore eit tett samband mellom den russiske staten og den russiske kyrkja. Båe har sett kyrkja som ein forlengd arm av staten. Difor er det knapt nokon ting som tyder på at kyrkja kjem til å leggja kjelkar i vegen for Putin etter at han gjekk til åtak på Ukraina 24. februar i år.

Det vil likevel ikkje seie at Putin får nokon lett marsj på heimebane dei neste dagane og vekene. Der han har sete isolert på landstaden sin utanfor Moskva dei siste to åra, har Putin trudd at soldatane hans ville få ein lett siger i Ukraina. At han har kalla åtaket mot grannelandet for ein «spesialoperasjon» – på russiske spetsoperatsjia – var heilt sikkert ærleg meint.

Problemet Ukraina skulle løysast gjennom ein hurtig, kirurgisk operasjon som sette makthavarane ut av spel, meinte han. Det kunne Putin ha klart i 2014, då han tok Krim bortimot utan motstand. No er stoda i Ukraina heilt endra, noko Putin ikkje har forstått der han har sete med avgrensa kontakt med omverda.

Fedrelandet i fare

Kanskje det farlegaste som har skjedd for Putin dei siste dagane, er at både Nato ved Jens Stoltenberg og USA ved Jo Biden klårt og eintydig har sagt at Vesten ikkje kjem til å gripa til våpen mot Russland, korkje på russisk eller på ukrainsk territorium.

Etter kvart som invasjonen i Ukraina går seg fast, eventuelt at ein må setja inn større og større styrkar for å nå dei måla ein har sett seg, er det éin ting Putin ikkje kan gjera: Han kan ikkje erklæra med truverde at fedrelandet er i fare. Opp gjennom historia har dette synt seg som den kraftigaste parolen for å samla folket rundt makthavarane.

I 1941, etter at Stalin hadde utrydda mest heile eliten i den sovjetiske armeen og fleire millionar uskuldige sovjetborgarar, var denne parolen hypereffektiv. Til og med kyrkja, som hadde vore utsett for ein rein utryddingskrig frå Stalins side, slutta meir enn lojalt opp om makthavarane. Grunnen var rett og slett at alle i det russiske samfunnet – frå toppen og heilt ned – forstod at fedrelandet verkeleg var i fare.

Putin vil sikkert freista på noko liknande denne gongen, og presteskapet i den ortodokse kyrkja vil jobba på høggir for å gje han støtte. Men etter kvart vil det bli klart for det store fleirtalet av det russiske folket at det som skjer, handlar om rein aggresjon frå Putin-regimets side. Ikkje minst vil dette gå opp for toppsjiktet i det russiske samfunnet, som sjølvsagt er fullt ut informert om det som skjer. Sjeldan har leiinga i vestlege land gjennom denne utstrekte handa handla klokare for å splitta ein aggressiv leiar frå folket sitt.

Korleis den vidare utviklinga vil bli, er likevel meir enn vanskeleg å svara på. Tsarregimet i Russland var basert ikkje på tsaren, men på heile Romanov-familien. Brezjnev-regimet var basert ikkje på Leonid Brezjnev, men på kommunistpartiet. Putin-regimet er basert på Vladimir Putin.

Putin har ingen naturleg arvtakar og ingen kronprins. Om Putin fell, finst det ikkje nokon annan sterk struktur som kan halda regimet hans oppe. Det har synt seg fleire gonger i historia når eit einmannsregime fell, at ei mengd med ulike maktgrupper går inn og tevlar om makta. Det kan òg skje denne gongen i Russland. Difor er det vanskeleg å gje nokon kalkyle av korleis Russland vil sjå ut post Putin.

Då Putin gav diplomatisk anerkjenning til utbrytarrepublikkane i Aust-Ukraina, skjedde det gjennom ei nøye regissert TV-send oppvising der alle dei fremste maktpersonane i den russiske leiinga var til stades. Meininga var heilt tydeleg å binda alle desse personane til masta og hindra at dei skulle falla frå. At Putin fann det naudsynt å stella i stand ei slik oppvising, syner også kor svakt regimet hans eigentleg står.

Uroa på grasrota

Men ikkje minst viktig blir det som skjer på grasrota. Dei neste dagane og vekene kjem stadig fleire russiske mødrer til å få melding om at sønene deira er drepne i Ukraina. Russiske kvinner er djupt truande, og dei har nok vore i kyrkja og høyrt prestane snakka om den historiske eininga mellom det russiske og det ukrainske folket – som begge har opphavet sitt i Kiev-Rus.

Når dei får melding om at sønene er drepne, vil dei fyrst sørgja, og sidan vil dei ha ei gravferd. Ein ortodoks truande skal gravleggjast slik han eller ho døydde, og kista skal vera open i den fyrste delen av gravferda. Det vil ikkje vera mogleg når den såkalla spesialoperasjonen går over i ein heilt konvensjonell krig. Etter kvart som bankane sluttar å fungera og flya blir ståande på bakken, vil uroa gripa endå meir om seg.

Så langt det er mogleg å sjå i skrivande stund, i byrjinga av mars 2022, kan dette ikkje gå bra. Den imperiale draumen til Putin blei drepen alt dei fyrste dagane etter 24. februar, då det synte seg at han hadde teke fullstendig feil av den ukrainske motstanden.

Hitler trudde i april 1940 at det ville vera nok å senda 8000 mann til Noreg for å slå ut det norske forsvaret i ei fyrste åtaksbylgje. Han fekk stort sett rett, sjølv om motstanden i Noreg blei seigare enn han hadde trudd. Putin trudde at han kunne ta over Kiev ved fyrst å ta over Hostomel-flyplassen utanfor Kiev, og så ta hovudstaden på ein dag eller to. Han tok fullstendig feil.

Må tenkja fort

Resten av den russiske eliten må no tenkja veldig fort: Skal dei stå last og brast med Putin og risikera at Russland blir isolert dei neste 20 åra? Det kjem til å kosta særs mykje for alle partar, men Vesten har synt at dei er viljuge til å bera kostnadene. Eller skal den russiske eliten setja Putin til sides, avgrensa skadane så langt det lèt seg gjera, og koma til ei ordning med Vesten og ikkje minst med Ukraina? Kanskje vil Ukraina seia seg nøgd med ei ordning der Russland held på Krim og delar av Donbas, kanskje må Russland trekkja seg heilt ut av Ukraina.

Det avgjerande er at ingen trugar dei russiske grensene og Russlands eksistens som sjølvstendig land. Der ligg håpet, og der ligg sjansen for fred dei neste dagane og vekene.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Resten av den russiske eliten må no tenkja veldig fort: Skal dei stå last og brast med Putin og risikera at Russland blir isolert dei neste 20 åra?

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis