Kommentar

Kan vi stole på FN?

Debatten om klimakrisa kan framstå som ein strid mellom klimafornektarar på den eine sida og dei som går inn for FNs klimamål, på den andre.

I det første berelkraftsmålet seier FN at dei vil avskaffe fattigdom, ikkje berre redusere han.
I det første berelkraftsmålet seier FN at dei vil avskaffe fattigdom, ikkje berre redusere han.
Publisert

Ettersom tida går, framstår klimafornektarane som stadig mindre truverdige, medan dei som stør FNs klimamål, etter kvart blir mange og lydsterke. Godt så. Men det er ein hake ved det heile. For i stridens hete for den gode sak kan skiljet mellom vitskaplege rapportar og politiske vedtak bli oversett og slura til: Alt som kjem frå FN, framstår som riktig og viktig, anten det er forskingsbaserte rapportar eller konsensusbaserte politiske vedtak.

Men gjer det noko om vi overser dette skiljet mellom vitskap og politikk? For det er jo rimeleg med ein overgang frå det å prøve å finne ut kva krisa går ut på, til det å bestemme kva vi bør gjere – ein overgang frå vitskaplege rapportar, som fortløpande blir justerte og kvalitetssikra ved pågåande forsking og fagkritikk, til framforhandla vedtak ved representantar for statane i FN-systemet. Så kvifor stresse med dette skiljet?

Svar: Ta deg tid til å lese Agenda 2030 (for Sustainable Development) nøye, paragraf for paragraf, punkt for punkt, dei 17 berekraftsmåla (Sustainable Development Goals, SDG), ofte med talrike underpunkt, i tillegg til innleiing og 91 utfyllande merknader.

Uklar og tvitydig

Eg har prøvd. Og kva fann eg? Mellom anna dette: Dei fleste «berekraftsmåla» handlar ikkje om klima og økologi, men om kampen mot fattigdom og om velstandsauke, og utan at forholdet mellom økonomisk vekst og økologisk berekraft blir drøfta på ein truverdig måte. Dermed blir teksten uklar som analyse og tvitydig som handlingsplan. Her er eit par smakebitar:

Paragraf 1 (første berekraftsmål): «Avskaffe fattigdom i alle former overalt.» (End poverty in all its forms everywhere.) Ikkje redusere, men avskaffe (innan 2030). Ikkje visse former for fattigdom, men alle former for fattigdom (poverty in all its forms and dimensions). Men korleis, og kva betyr det: alle former for fattigdom? Omfattar denne vide fattigdomsoppfatninga også mangel på opplysning, det vi i eit moderniseringsperspektiv kunne kalle kulturell fattigdom? Men ville det ha vore konsensus om det, i FN, med statar som Saudi-Arabia og Pakistan? Dessutan, tredje setning i Preamble: «… å utrydde fattigdom i alle former og dimensjonar… er den største globale utfordringa ...» (We recognize that eradicating poverty in all its forms and dimensions… is the greatest global challenge…) Men kva med atomkrig, eller økologisk samanbrot?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement