JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Det lyser i samla grender

Skal stader halde saman, må dei ha ein – eller helst to – stader å samlast.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5742
20211210
5742
20211210

Vi har vår eigen julesong, vi som bur her kring Dalsfjorden, for om Jakob Sande sat i Oslo og gjorde ferdig magistergrada si då han skreiv julesalmen «Det lyser i stille grender», veit vi at det var grendene her, der han vaks opp, han såg føre seg. Iallfall lærte vi på skulen at Jakoben alltid lengta heim att, og difor held vi både han og julesongen hans ekstra høgt.

Men han budde ikkje her. Det er det vi som gjer. Og om det lyser i stille grender, lyser det endå sterkare når bygda samlar seg i eitt hus, og arrangementet er langt frå stille, men derimot godt utprøvd med åresal og loddbok og kaker og store kaffikanner og ein nisse med mandarinar i sekken.

Spleiselag

Her både må og kan og får alle bidra, frå borna som spring kring i salen med gevinstar, til pensjonistane som har brodert juledukane og, ikkje minst, styre i velforeining og ungdomslag, som ikkje er pust frå fortida, men tvert om heilt essensielle føresetnader for å halde saman i ei bygd som ikkje er større enn at vi får plass til ho i storsalen i eit bygdehus bygd i 1960, finansiert av eit spleiselag mellom bondelaget, fråhaldslaget, arbeidarlaget, sogelaget og ungdomslaget i bygda Holmedal.

Her har eg budd i to år no, og sidan eitt år og ni månader av dei åra har vore koronatid, har ikkje sjansane til å samlast vore så mange, men no er vi her på julebasar, og det gjer så godt å sjå alle saman. Vi samlar inn pengar til nytt kjøkken her i huset, men vi er her endå meir for vår eigen del: Vi bygger fellesskap.

Dei færraste kan nok namnet på alle i rommet, for bygda er trass alt heile tida i utvikling, men mange kjenner dei fleste. Dei borna eg har sett langs skulevegen, ser eg no saman med foreldra, og gjerne besteforeldra med, og mellom dei er det gjerne ein puslespelbit som er kjend, og nye fell på plass.

«Alle kjenner alle»

At alle kjenner alle, er det ein føremon eller ei ulempe? Forskarar ved Ruralis har nyleg nytta lokalsamfunnsundersøkinga frå 2016 for å sjå på dette og kome fram til at «sosial transparens har en positiv effekt på innbyggernes ønske om å forbli boende i eget lokalsamfunn». For der sosial kontroll eksisterer i både meir og mindre gjennomsiktige samfunn, er det lite som tyder på at sladder og ekskludering aukar med spreidd busetnad og «alle kjenner alle»-faktoren.

Slike små, gjennomsiktige bueiningar må likevel på ingen måte avgrensast til bygdenoreg. Tvert om, det finst lassevis av døme frå byane våre – frå Svartlamon i Trondheim til Berekraftig liv på Landås, og alt engasjementet innbyggarane på Tøyen syner for bydelen sin.

Poenget er at ein organiserer seg i einingar som er så små at alle kan verte kjende med kvarandre. Men skal vi kjenne kvarandre, må vi ha ein stad å møtast. Eit bygdehus, ein kafé eller ein butikk – stader der vi uformelt kjem i kontakt med kvarandre utan å vere inviterte og utan å kunne velje kven frå nærområdet vi treffer på. I eit tid då stadig meir skal løysast digitalt – anten det er å levere ein søknad til Nav eller å kjøpe ei utgåve av Nationen – vert slike treffpunkt færre.

Å sleppe å køyre

Og for ikkje å gløyme: Julebasaren eg var på i helga, var det fyrste ærendet mitt i heile år utan at eg måtte sette meg i bilen for å kome dit.

Ja, kvifor snakkar vi ikkje om det? Om trongen til å bruke bilen, altså, når vi snakkar om å få ned utsleppa frå biltrafikken her i landet? For den diskusjonen har vi heile tida, men han handlar så å seie berre om storleiken på avgifter på drivstoff.

Eg har tenkt litt på dette: Kor mykje dyrare måtte dieselen ha vorte før eg hadde byrja å køyre mindre? Den auken måtte vore stor – rett og slett fordi det ikkje er mange av køyreturane eg tar, som kan fjernast. At det er ni kilometer til næraste daglegvarebutikk, gjer det tungvint å velje sykkelen. Dokteren er like langt unna – iallfall fram til klokka 15.30. Etter det må eg køyre seks mil til legevakt.

Velferdssentralar

Den lettaste måten å redusere bilbruken min på ville heilt klart vore å redusere avstanden til tenestene eg brukar. Eg kjenner meg temmeleg trygg på at eg ikkje er aleine om å ynskje å sleppe å køyre så mykje bil for å få kvardagen til å gå rundt.

Difor skulle det ikkje forundre meg om eit av dei viktigaste distriktspolitiske tiltaka vi har, også kan vere eit av dei viktigaste klimatiltaka: Merkur-programmet gjev stønad til «utkantbutikkar», og i 2020 var 581 daglegvarebutikkar og 59 bokhandlar registrerte i Merkur-programmet.

Ordninga skal «sikre innbyggerne i distriktene tilgang til en nærliggende dagligvarebutikk med god kvalitet», men «med tilleggstjenester som gir innbyggerne i lokalsamfunnet bedre tjenester», for butikkane har mykje meir enn berre mjølk og brød: I snitt tilbyr dei tre til fire tilleggstenester, som kan vere alt frå tipping til post i butikk, medisinutlevering, bibliotek, turistinformasjon, hjelp til å fylle ut skjema, kaffikrok og drift av hytteutleige og marina.

«Velferdssentralar» kallar forskarane Finn Ove Båtevik og Lars Julius Halvorsen desse butikkane i ein artikkel i antologien Stadutvikling (Universitetsforlaget, 2021): «Når kommunereforma har gitt større kommunar, blir det særleg relevant å vurdere korleis ein møter behova i småsamfunna. Ei løysing er at nokre av oppgåvene blir utførte i institusjonane som er att i slike samfunn.»

Eg meiner kvar bygd treng to slike institusjonar: ein butikk som er liten nok til å høve kundegrunnlaget, og eit samfunnshus som er stort nok til å romme oss alle.

Siri Helle

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Julebasaren eg var på i helga, var det fyrste ærendet mitt i heile år utan at eg måtte sette meg i bilen for å kome dit.

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis