Kollektiv ansvarspulveriseringBåde storting og regjering har vore klare over at arbeidet med terrorsikring ikkje gjekk heilt etter planen. Kvifor er det ingen som har teke tak før?
Både storting og regjering har vore klare over at arbeidet med terrorsikring ikkje gjekk heilt etter planen. Kvifor er det ingen som har teke tak før?
Statsminister Erna Solberg under den opne høyringa i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite måndag.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
«Aldri meir 22. juli», sa vi til kvarandre etter hendingane sommaren 2011. Og vi har teke for gjeve at styresmaktene har gjort det dei kunne for å hindre terror og åtak og sikre storting, regjeringsbygg, vassforsyning, kraftstasjonar, sjukehusfunksjonar, naud- og redningstenestar og andre viktige bygningar, anlegg, område og infrastruktur mot åtak.
Sju år seinare er situasjonen denne: Berre to av dei tolv såkalla skjermingsverdige objekta til politiet er sikra i samsvar med gjeldande tryggingslov, og berre 36 prosent av dei fleire hundre skjermingsverdige objekta Forsvaret har ansvar for, har grunnsikring etter lova. Det kom fram då etatssjefar frå politiet og Forsvaret og tidlegare og noverande statsrådar var i høyring i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget måndag.
«Forskrift om objektsikkerhet» har vore på plass sidan 2010, og set krav om at sikring skulle vore gjennomført seinast 1. januar 2015. Betre objektsikring har vore sentralt i oppfølginga av terrorhendingane.
I 2013 dreiv Høgre òg valkamp om tryggleik og beredskap, og Høgres justispolitiske talsperson sa til VG: «Jeg tror Solberg er dyktigere på beredskap og trygghet enn Stoltenberg».
Vi burde kunne vente at ting var på stell.
Men ifølgje Riksrevisjonen er sikringa framleis så mangelfull at viktige og kritiske funksjonar kan falle vekk. Dette kan få svært alvorlege følgjer for den nasjonale krisehandteringa ved eit åtak. Riksrevisjonen seier òg at det kjem til å ta lang tid før sikringa er i samsvar med tryggingslova.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.