Rekordturke på Austlandet
Austlandet treng regn, mykje regn.
I Randsfjorden og ei rad andre stader er båthamnene turrlagde, og dette kan vara ved ei god stund. Småbåthamna i Røykenvik er så seia heilt turrlagd.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB
Samtalen
Hervé Colleuille
hydrogeolog og seksjonssjef i NVE
Aktuelt
Turken på Austlandet
Samtalen
Hervé Colleuille
hydrogeolog og seksjonssjef i NVE
Aktuelt
Turken på Austlandet
jon@dagogtid.no
Om du har lyst til å verta deprimert, skal du taka deg ein biltur på E6 gjennom Gudbrandsdalen og vidare til Lom. Landskapet er goldt, elvane nær tomme og båthamnene fungerer ikkje lenger som dei er tenkte. Båtane står på land. Alt i slutten av april sende Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ut ei pressemelding der dei åtvara om at våren kunne verta vanskeleg for folket på Aust- og Sørlandet. Hervé Colleuille, er hydrogeolog og seksjonssjef i NVE.
– Har vi opplevd liknande turke på denne tida av året?
– Nei, og det vi er særleg urolege for, er at turken byrja så tidleg som i slutten av april. Dei fleste sumarturkar, som den i 2018, byrjar i midten av juni. Vi er redde for at det kan gå gale om denne turken held fram gjennom sumaren. Men jau, historisk har vi hatt nokre turkar som starta om vinteren og heldt fram om sumaren. Det hadde vi til dømes i 2010, men den turken var avgrensa til Agder og Rogaland. Den siste storturken som byrja om vinteren og heldt fram som sumarturke, var i 1995–1996.
– Men så turt som det er no på Austlandet, har det ikkje vore på denne tida?
– Det er vanskeleg å gje eit definitivt svar, men det ser ikkje slik ut. Det vi rett nok lyt hugsa, er at ting kan endra seg særs snøgt. I slutten av mai og byrjinga av juni kan det koma mykje regn i tillegg til snøsmeltinga. Problemet er berre at det nesten ikkje er snø i fjellet på Austlandet. Det er mykje mindre enn vanleg. Dette er særmerkt for 2022. Det har aldri vore så lite snø som i år.
– Kva og kven er turken verst for?
– Det byrja med skogbrannfaren i april, då auka risikoen både for gras-, lyng- og skogbrannar. Vi såg ei rekkje brannar. For bøndene er heller ikkje stoda god. Jorda er ganske så turr. Det er uheldig av di jorda treng mykje vatn no når vekstsesongen tek til. Så kjem problema for båtferdselen i dei store innsjøane. Mjøsa, Randsfjorden, Tyrifjorden – ei rad stader er båthamnene turrlagde, og dette kan vare ved ei god stund. Det siste eg vil nemna, er utfordringane i vassforsyninga. Held dette fram i nokre veker til, kjem stadig fleire til å mista vatnet. Gardsbruk kan få tomme brunnar, det kan også hytteeigarar oppleva. I Oslo har kommunen bede folk om å nytta mindre vatn, og Hjartdal har alt innført restriksjonar, som forbod mot å vatne plenen.
– Men turken er nokså lokal og avgrensa?
– Ja, men det lokale området er nokså stort. Turken råkar frå Agder til Innlandet. På Vestlandet er det kome like mykje snø og nedbør som vanleg. Møre og Romsdal, Trøndelag og Nord-Noreg har derimot fått meir nedbør enn vanleg. Det er særleg dei tre nordlegaste områda som har fått nedbøren, og difor mykje snø gjennom vinteren. Austlandet og Sørlandet har fått frå halvparten til to tredjedelar av normalt nivå. Særleg mars og april vart vanskeleg. Det har ikkje vore så turt på over 100 år, ifylgje Meteorologisk institutt.
– Vêrmeldingane er heller ikkje lovande?
– Det kjem litt nedbør dei næraste dagane. Ifylgje vêrprognosane frå Meteorologisk institutt kan det koma 10 til 20 millimeter i Innlandet fredag, og heile turkeområdet skal få 10 til 15 millimeter tysdag. Men turken går ikkje over med så lite nedbør, sjølv om det vil hjelpa litt. Det trengst myke meir nedbør. No ser vi at snøsmeltinga har byrja over 800 meter, som inneber at nokre av dei store innsjøane på Austlandet vil byrja å stiga. Men dei vil ikkje stiga til normalt nivå utan at det kjem mykje regn.
– Har vi ein beredskap? Skal det gå tankbilar til bøndene?
– Situasjonen er enno ikkje så dramatisk. Vi oppmodar vassverka og brunneigarar om å fylgja nøye med på vasstanden, særleg dei som har opplevd utfordringar tidlegare. Dei må vera klare til å innføra restriksjonar dei komande vekene. Men jau, einskilde stader kan få problem. Dei fleste bøndene treng vatning, men for nokre vert dette vanskeleg. Særleg gjeld det bønder ved store innsjøar, typisk Mjøsa, der stader ein plar henta vatn frå, no ligg på turt land.
– Skal vi uroa oss over dette på sikt? Snakkar vi om ein ny normal?
– Turken vi opplever no, er noko vi kan oppleva oftare i framtida. Det prognosane viser, er at vi kan få mange periodar med mykje meir nedbør i kombinasjon med periodar med langvarig turke. Det vert meir ekstremt båe vegar. Det meir grunnleggjande problemet er at det vert mindre snø i fjellet når det vert varmare. Klimaendringar med auka temperaturar kan gje mindre snø fordi nedbøren som før kom som snø, i framtida vil koma meir som regn. Varmen kan òg føra til tidlegare snøsmelting under 500–1000 moh., som vi no har sett på Austlandet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Turken vi opplever no, er noko vi kan oppleva oftare i framtida.
Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.