JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KlimaSamfunn

– Dei ti neste åra er avgjerande

Den siste rapporten til FNs klimapanel syner at tilhøva er verre enn ein har trudd, men at det framleis finst handlingsrom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Foto: Håkon Mosvold Larsen

5135
20220304

Samtalen

Siri Ellen Hallstrøm Eriksen

professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

Aktuell

FNs nye klimarapport om konsekvensar av klimaendringar

redaksjonen@dagogtid.no

Måndag 28. februar kom FNs klimapanel (IPCC) med ein ny rapport. Rapporten er del to av den sjette hovudrapporten frå IPCC. Han handlar om følgjer av, fare for og tilpassing til klimaendringar. 270 ekspertar frå 67 land har skrive rapporten. Siri Eriksen er ein av dei.

– Kva er dei viktigaste funna?

– Hovudbodskapen er at det me gjer dei neste ti åra, har mykje å seie for sjansane til å nå ei berekraftig framtid. Det byggjer på at ein alt ser negative konsekvensar av klimaendringar som er større enn det me trudde i førre rapport i 2014. Me veit òg at det er avgrensingar på kor mykje me kan klare å tilpasse oss. Det er noko av det som gjer at me er nøydde til å handle raskt for å få ned utslepp og redusere oppvarminga, men òg for å tilpasse oss klimaendringane. Me heng etter, rett og slett.

– Var det noko uventa eller overraskande med funna?

– Dei negative konsekvensane av klimaendringar kjem mykje tydelegare fram, og dei er større og kjem fortare enn det me har trudd. Det andre som har kome tydlegare fram, er at både klimaeffektar og tiltak er veldig tett kopla til spørsmål om sosial rettferd.

– I rapporten står det at mellom 3,3 og 3,6 milliardar menneske lever «i kontekstar som er i stor grad sårbare mot klimaendringar». Kva inneber dette?

– Det går både på fysiske endringar og på den sosiale konteksten. Det er alt mange område og økosystem som ser negative konsekvensar av klimaendringar, som arktiske område og lågtliggjande kystområde og øyar. Så handlar det om dei sosiale føresetnadene ein har til å møte klimaendringar. Det inneber at ein er sårbar ikkje berre på grunn av auka ekstremvêr, issmelting og havnivåstiging, men òg på grunn av fattigdom, svake institusjonar, dårleg infrastruktur og tilgang på sosiale tenester.

– Kva seier rapporten om handlingsrommet me har til å stoppe eller minimere klimaendringane?

– Nokre utvegar er alt stengde, fordi me opplever til dels irreversible endringar i økosystem, negative klimaeffektar som me ikkje kan gjere noko med. Ein har havnivåstiging som alt er sett i gang, og som vil halde fram i mange tiår og hundreår. Men kva me gjer dei neste ti åra, har mykje å seie. For dersom me skal klare å avgrense oppvarminga, er me nøydde til å setje i gang tiltak no. Om me held fram med den noverande utsleppsutviklinga, vil me overstige 1,5 grader. Då vil me få meir dramatiske negative konsekvensar.

– No dominerer krigen i Ukraina nyhendebiletet, men ser du teikn på at rapporten har fått merksemd og blir tatt på alvor i Noreg og globalt?

– Det har vore stor merksemd globalt trass i krigen, og nokre av hovudbodskapane har blitt tatt opp, særleg det at me har eit lite handlingsrom. Det at klima er nært kopla til sosial rettferd, synest eg har òg kome godt fram mange stadar. Så han blir nok tatt på alvor. Problemstillinga går ikkje bort med det same. Tredje del av rapporten, som handlar om utsleppsreduksjon, kjem om berre nokre få veker.

– Rapporten legg vekt på klimarettferd, fattigdom og urfolksperspektiv. Er ikkje klimakrisa for alvorleg til at ein blandar ho med andre globale utfordringar?

– Det me ser, er nettopp at klimakrisa heng saman med andre global utfordingar, og at når tiltak blir veldig avgrensa, smale og tekniske, så fungerer dei ikkje. For å få tiltak som er effektive og langsiktige, er me nøydde til å ta omsyn til desse andre spørsmåla. Det handlar om økosystem, biologisk mangfald og sosial rettferd.

– Rapporten vurderer forskjellige tilpassingstiltak. Kva går det ut på?

– Klimatilpassing er ein viktig del av det handlingsrommet me har, fordi me heng etter med å tilpasse oss dei negative konsekvensane. Særleg heng me etter i fattige land og med å finansiere klimatiltak i fattige land. Tiltak treng tid for å bli effektive. I staden for smale enkelttiltak så treng me meir gjennomgripande og langsiktige tiltak. Eit døme er sosiale tryggingsnett for sårbare grupper i møte med klimaendringar. Det å utjamne sosiale forskjellar er ikkje gjort over natta. Så det er noko ein må byrje med no om det skal vere effektivt i løpet av dei neste tiåra.

– Kva betyr rapporten for Noregs klimapolitikk?

– Rapporten seier ikkje noko direkte om Noreg eller enkeltland, men han har funn som er relevante for Noreg. Det er spesielt viktig at me gjennomfører klimatiltak, både utsleppsreduksjon og klimatilpassing, på måtar som styrkjer sosial rettferd og berekraftig utvikling.

– Har dei tidlegare rapportane til FNs klimapanel gjeve gode framskrivingar og analysar av klimaendringar?

– Alle rapportane har vore grundige og baserte på den nyaste tilgjengelege forskinga. Det me har sett for kvar rapport, er at biletet er alvorlegare enn me trudde. Det gjeld òg for denne rapporten.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det me har sett for kvar rapport, er at biletet er meir alvorleg enn me trudde.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis