JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Klart for nytt atomkappløp

I 32 år gjorde INF-avtalen Europa og verda tryggare. Kvifor riv USA og Russland sund ein avtale som har tent alle så godt?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Donald Trump og Vladimir Putin under eit møte i Helsinki i juli i fjor. Ingen av dei to statsleiarane har sett seg tente med å berge INF-avtalen som forbaud USA og Russland å utvikle landbaserte mellomdistanserakettar, og no kan dei ha lagt grunnen for ein ny rustingsspiral.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / AP / NTB scanpix

8135
20190208

INF-avtalen

Nedrustingsavtale inngått av USA og Sovjetunionen i 1987

Forbaud båe statar å ha landbaserte atomrakettar av mellomdistansetypen

Førte til at nesten 1700 atomvåpen i Europa vart fjerna

Også Russland var bunde av INF-avtalen

2. februar sa USA opp avtalen

USA meiner ein ny russisk rakett er i strid med INF-reglane

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Laurdag 2. februar skjedde det ei varsla ulukke. USA trekte seg som venta frå INF-avtalen om kjernefysiske mellomdistansevåpen, og Russland svarte som venta med same mynt dagen etter. Europa har nytt godt av INF så lenge at dei færraste av oss no tenkjer over kor viktig avtalen har vore. Men da denne traktaten vart underskriven i 1987, var det ein historisk augneblink: Avtalen gjorde slutt på eit intenst og farleg atomvåpenkappløp i Europa.

Sidan 1976 hadde Sovjetunionen plassert ut hundrevis av mobile atomrakettar i austblokka, mellomdistansevåpen som var sikta inn mot mål i Vest-Europa. I 1979 byrja USA å plassere ut tilsvarande rakettar i europeiske Nato-land. Men tøvêret kom raskt etter at Mikhail Gorbatsjov vart generalsekretær for det sovjetiske kommunistpartiet i 1985, og i 1987 vart INF underskriven i Washington. Det var eit stort steg på vegen mot avslutninga av den kalde krigen, og starten på fleire tiår med amerikansk og russisk atomnedrusting.

Risikable våpen

Forkortinga INF står for Intermediate-Range Nuclear Forces Treaty, og traktaten innebar at verken USA eller Russland kunne utvikle, teste eller eige atomrakettar med ei rekkjevidd på mellom 500 og 55.000 kilometer. Avtalen dekte berre atomrakettar på land, og både USA og Russland har mange mellomdistansevåpen som kan skytast ut frå skip, ubåtar eller fly. Likevel var INF eit stort framsteg.

Nesten 1700 atomvåpen vart fjerna frå europeisk jord og destruerte, to tredelar av dei var sovjetiske. Det gjorde Europa til ein langt tryggare verdsdel. Kort- og mellomdistanserakettar ber med seg ein særeigen risiko: Tida frå oppskyting til dei råkar målet er berre på nokre få minutt, dermed må reaksjonstida på båe sider vere svært kort om ein skal kunne slå attende ved eit eventuelt åtak. Dermed blir òg faren for å gjere fatale feil større.

Påstand mot påstand

No står altså USA og Russland igjen fritt til å produsere og utplassere dei atomrakettane dei ønskjer. USA grunngjev oppseiinga med at russarane har teke i bruk ein mobil kryssarrakett kalla Novator 9M729, som skal falle innanfor definisjonen av mellomdistanserakettar – og kan bere atomstridshovud. USA har ikkje offentleggjort dokumentasjon av eigenskapane til raketten, men andre Nato-land har offisielt stilt seg bak den amerikanske framstillinga. «Alle de 29 Nato-landene er helt sikre på at Russland bryter avtalen», sa Nato-generalsekretær Jens Stoltenberg til NRK denne veka.

Russland hevdar at Novator-raketten ikkje har blitt testa over lengre avstand enn 480 kilometer, men har ikkje tillate inspeksjonar av våpensystemet. Russarane meiner på si side at det amerikanske rakettforsvaret i Europa er eit brot på INF-avtalen. USA har bygd opp såkalla Aegis-system i Romania og Polen for å kunne skyte ned rakettar som kjem mot Europa. Russarane hevdar at desse anlegga òg kan brukast til å skyte ut mellomdistanserakettar med atomstridshovud – noko USA nektar for.

Underleg val

Same kven som har rett når det gjeld dei tekniske detaljane, er det tydeleg at verken USA eller Russland ønskte å strekkje seg for å berge INF-avtalen. Dette liknar på ei styrt avvikling frå båe sider – noko som både er sørgjeleg og litt rart.

For det er ikkje heilt lett å skjøne kvifor denne avtalen no er historie. Ein ting er at han i mange år har redusert faren for at uhell eller misforståingar skulle føre til eit kjernefysisk ragnarok. I tillegg har USA og Russland spart milliardar av dollar og rublar på nedrustinga som følgde.

Og sjølv om forholdet mellom Russland og Nato har vore iskaldt sidan annekteringa av Krim i 2014, verkar det irrasjonelt av Russland å leggje opp til eit nytt atomvåpenkappløp i Europa. Slike kappløp er dyre, og den russiske økonomien er svak. I 2017 måtte landet kutte hardt i forsvarsbudsjetta sine.

Vil ruste opp

Men no, med den vedvarande spenninga mellom aust og vest, kan det vere at Russland faktisk vil byggje opp att eit arsenal av mellomdistanserakettar med atomstridshovud for å avskrekke eller skremme Nato-landa. Russarane har eit mykje større lager av såkalla taktiske atomvåpen, våpen med avgrensa sprengkraft, enn USA har. Amerikanarane har satsa mest på langdistanserakettar og strategiske atomvåpen.

Utan INF-avtalen kan Russland få meir avskrekking ut av eit av dei militære fortrinna sine. Og Putin har alt varsla at russarane no vil byggje opp eit arsenal av våpen som var forbodne under avtalen. For dei europeiske landa som er innanfor skothald, er dette dårleg nytt. Og sjølv om Nato-landa offisielt stilte seg bak den amerikanske oppseiinga av IFN-avtalen, er det neppe glede i europeiske regjeringar over utfallet. Europa er den store taparen i dette spelet, og diplomatar frå Tyskland og andre EU-land prøvde i det lengste å berge avtalen.

Siger for Bolton

Men kva med USA? Det verkar førebels ikkje så truleg at president Trump ønskjer å starte ei stor utplassering av amerikanske atomvåpen i Europa. Han har vore klar på at han ønskjer å redusere det militære engasjementet til USA rundt i verda. På andre sida er presidenten lite glad i avtalar som legg band på USA. Og det same gjeld i høgste grad John Bolton, som vart utnemnd til tryggingspolitisk rådgjevar for Trump i fjor. Bolton har etter alt å døme vore ein pådrivar for å seie opp INF-avtalen, slik han òg var det for at USA skulle trekkje seg frå atomavtalen med Iran. Og som viseutanriksminister under president George W. Bush var Bolton ein viktig pådrivar for at USA i 2002 trekte seg frå ABM-avtalen, som sette grenser for kva slag rakettforsvar USA og Russland kunne utvikle.

Kina-frykt

Men generell antipati for bindande avtalar er ei spinkel forklaring. Ei rekkje kommentatorar i USA meiner at avviklinga av INF-avtalen ikkje eigentleg handlar om Europa, men om Kina. For det er berre USA og Russland som har vore bundne av avtalen, og andre statar kunne lage så mange mellomdistanserakettar dei vil. Og nett det har kinesarane gjort.

Rett nok har Kina truleg ikkje meir enn kring 260 atomstridshovud, ifølgje Bulletin of the Atomic Scientists, medan USA har 3800 og Russland 4350. Men dei fleste av atomvåpena til Kina fell innanfor definisjonen av mellomdistansevåpen. Og Donald Trump er berre éin av mange i maktapparatet i USA som meiner det er urimeleg at USA ikkje kunne utvikle slike våpen, medan Kina og andre atommakter hadde frie hender.

Våpenkappløp

Kva USA vil bruke fridomen sin til etter IFN-kollapsen, er i det blå. Sjølv om amerikanarane utviklar nye typar mindre atomvåpen, som i teorien kan brukast i ein såkalla avgrensa atomkrig, er det ikkje gjeve at dei USA-allierte landa i Asia vil vere interesserte i å stasjonere dei på si eiga jord. Om USA faktisk utplasserer mellomdistanserakettar i Asia, kan ein ta for gjeve at Kina trappar opp atomopprustinga si monaleg.

Ideelt sett kunne ein håpe at den kansellerte INF-avtalen fekk ein internasjonal etterfølgjar som la band på våpenutviklinga også i land som Kina, India og Pakistan. Men at dei asiatiske stormaktene skal vere interesserte i noko slikt, er det ikkje mange som har tru på.

Det verkar langt meir truleg at verda er på veg inn i ein periode med stor atomopprusting. Moderniseringa av atomarsenalet til USA vart sett i gang under Obama, og ambisjonane om utvikling av nye våpentypar er heva under Trump. Dette programmet er venta å koste ufattelege 1700 milliardar dollar dei neste 30 åra. Og den noverande presidenten verkar lite uroleg over farane og kostnadene ved ein ny rustingsspiral. «Lat det bli eit våpenkappløp. Vi kan halde ut lenger enn alle andre», forsikra Trump da han var presidentkandidat.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Europa er den store taparen i dette spelet.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis