Kjøps-tilrådingEg er ei kløne. I det minste liker eg å seia det når eg vil sleppa å arbeida. Men samstundes er eg glad i pengar. I vinter kjøpte eg morfars gamle hus som han bygde i 1938. Det er eit særs fint hus, men dei som kjøpte det etter at han døydde

Publisert

Eg er ei kløne. I det minste liker eg å seia det når eg vil sleppa å arbeida. Men samstundes er eg glad i pengar. I vinter kjøpte eg morfars gamle hus som han bygde i 1938. Det er eit særs fint hus, men dei som kjøpte det etter at han døydde, hadde ikkje fare så fint med det. Dei har mellom anna klatta noko frykteleg når dei har måla. Sju av vindauga hadde målingsflekkar på alle hasper, oppdaga eg til mi fortviling. Eg spurde den lokale snikkaren kva det ville kosta å få skifta dei ut og sett inn nye vindauge. 41.000, sa han. Det er sikkert ein rimeleg pris, men om ein skal skaffa så mykje pengar når ein betaler toppskatt, vert det 82.000. Arbeid på eige hus er derimot skattefritt.

Eg gjekk difor inn i ein målarbutikk i Ørsta og snakka med ein hyggeleg kar. Han fortalde meg at det diverre ikkje fanst noko effektivt stoff mot gamle målingsflekkar på hasper, men at eg kunne søkja på internett etter hasper på basis av kodane som stod mellom glasa. Det gjekk ikkje. Både vindauga og haspene var gått ut av produksjon.

Og no kjem grunnen til at eg deler dette med dykk: Eg kom i snakk med ein bilinteressert ung kar som hadde ein amerikanar. «Du må kjøpa Duxola, det skader ikkje krom. Dette veit eg alt om!» Duxola er ein botnstoff-fjernar, men, påstod karen, han verkar på alle typar lakk og måling. Og ein får kjøp det i litervis for ein billig penge.

Fyren hadde heilt rett. Det verkar på alt! No har eg fått bort all måling utan å skade korkje glas, tre eller krom. Dessutan såg ikkje takrennene mine ut. Også der verka stoffet. Det er berre å smørja på med ein vanleg målarkost. Etter tjue minutt turkar du av med ei fille.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement