JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kjerringa mot distriktsstraumen

Ein skal ikkje undervurdera økseskaft og repeterande talehandlingar i politikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Avtroppande digitaliseringsminister Nikolai Astrup gav den nye distrikts- og digitaliseringsministeren Linda Hofstad Helleland nøkkelen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet førre fredag.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

5072
20200131
5072
20200131

Lytt til artikkelen:

hompland@online.no

Linda Cathrine Hofstad Helleland (heretter LCHH) er frå bygda, frå Klæbu ved Selbusjøen, der Nidelva har sitt utspring. Kommunevåpenet var ein heraldisk vri på Trongfossen i landets djupaste elvegjel. Etter kraftutbygging er fossen borte, men til gjengjeld er stiftsstaden betre sikra mot flaum. Frå 1. januar har Klæbu vore ein del av den større og meir robuste Trondheim kommune.

HJELPESKRIVARANE er i stuss om forventningane til distrikts- og digitaliseringsminister LCHH. Er det eit PR-stunt for å tekkast folk i avkrokane, eller ein genistrek for regjeringsparti som har vore fanga i boblebad med Framstegspartiet og late Senterpartiet stikka av med bunaden og folk flest?

Vertinna tykkjer LCHH minner om ein Ivo Caprino-figur frå dokkefilmar med folkeeventyr, der dei går litt stivt og snakkar som robotar. Det eventyret ho tenkjer på, er «God dag, mann! – Økseskaft». Det handlar om den tunghøyrde ferjemannen som fekk besøk av lensmannen som skulle panta for gjelda kone og barn hadde bygd opp med lauslivnad.

Den tunghøyrde tenkte ut kva lensmannen ville spørja om og kva han skulle svara, replikk for replikk. Han sette seg til å telgja på eit økseskaft og rekna med at lensmannen ville spørja om kva det skulle bli. Så då lensmannen i staden begynte med å seia: «God dag, mann», svarte ferjemannen utrytande sitt planlagde «Økseskaft». Sidan gjekk det berre verre. Lensmannen tok ferjemannen for ein tulling, og snipp, snapp, snute, så var det eventyret ute.

Vertinna meiner at slik er det med LCHH også: Ho svarer sitt same og uttenkte, uansett kva spørsmålet er. Om ho skal sendast landet rundt for å lytta til folkets uro, meiner Vertinna at ho burde stilla i revyfestivalen på Høylandet.

BYRÅSJEFEN hallar heller mot «Kjerringa mot straumen», ho som var så eventyrleg trassig at ho sa «klippe, klippe» med munn og hand, også når ho blei dukka under vatn. Så trassa ho tyngdekrafta og dreiv oppover mot straumen som ein laks. Byråsjefen held seg til moralen i André Bjerkes dikt:

Hun holdt på sitt. Hun var den bedre del/ av det vi kaller Norges folkesjel.

Hun er vår adel. Hun er frihetsdrømmen/ hvis norske navn er: Kjerringa mot strømmen.

Hun er av dem jeg gjerne skulle kjenne./ Det beste av oss er i slekt med henne.

Hjelpeskrivarane kan semjast i eit ønske for LCHH i kampen for distrikta: At det ikkje går med henne som hos Alf Prøysen, der kjerringa blei så lita som eit teskei.

SPALTISTEN har ingen problem med å vera med på harselasen over snakkemaskinen LCHH i det tulledepartementale påfunnet. Han kan også gle seg over at ein annan snakkemaskin, den raude Mímir Kristjánsson, som trur at dette er jobbinstruksen: framsnakk, nedsnakk, baksnakk, sniksnakk og snikksnakk.

Men talehandlingar skal ein ikkje kimsa av i politikken, sjølv om dei kjem som talepunkt på repeat: Den flirande Trygve Slagsmål Vedum og den frisleppte fangen Sylvi Populisthaug er gode døme på det.

Spaltisten har ei kjensle av at det må vera noko med denne klæbudama frå Drammen: Ho har halde mannen sin lenka fast i Stortinget, og ho gjekk i krigen mot ringanes herrar i CIO og WADA fordi dei ikkje driv rein idrett, men skittent spel.

LCHH er leiar i Høgres programkomité og jaktar på strukturreformer. Ho har sagt at regjeringsprosjektet er å «skvise så mye tannkrem ut av tuben at Arbeiderpartiet ikke får puttet det tilbake». Så når ho først skulle få ein statsrådspost som ingen skulle tru at kunne finnast før Erna Solberg fann på det, burde ho ha fått ein endå meir samansett portefølje i den assorterte landhandelen «på bygdene og langs kysten», som ho kallar det digitale og virtuelle riket sitt.

LIKESTILLINGS- og kulturminister Abid Raja er basketballspelar frå Søren Jaabæks gate i Iladalen i Oslo, men lite tyder på at han vil satsa på «sparsommelighet i statshusholdningen». Den rause og romslege Erna Solberg har utstyrt den brune Raja med fotlenke og åtvara om at sjølv om han også er idrettsminister, treng han ikkje delta personleg i kombinert og alle andre øvingar.

Den frisleppte Listhaug meiner Raja er ein provokasjon, og at han blir ein laus kanon på dekk i den innskrenka regjeringa. Erna Solberg ville vel ikkje ha brukt dei orda om utløpet for det som rører seg i Fræmspartiets indre, men i dalstrøka innafor går ordtaket slik: Det var rette raua som feis.

MITT RÅD til statsministeren er at LCHH også får hand om doping, for oppdraget hennar som ombodsmann for distrikta er jo å dopa dei med «forsterka fokus» og snakka dei opp og fram. Landet kunne trenga ein skikkeleg og framtidsretta 3D-statsråd: ein distrikts-, digitaliserings- og dopingminister.

Kvar departementet skal lokaliserast, må rimelegvis leggast ut på anbod, men eit nedlagt sjukehus i Mosjøen eller ein tom høgskule i Nesna, cirka midt i landet, kunne vera gode alternativ.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Hun var den bedre del av det vi kaller Norges folkesjel.»

André Bjerke

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis