«Den du ringer, er ikke tilgjengelig for øyeblikket, vær vennlig og legg igjen en beskjed.»
Ikkje noko svar hos hagesenteret. Eg ville vite om dei hadde settepoteter att. Det å gå ein bomtur til hagesenteret var uaktuelt.
Det dårlege humøret eg hadde vakna med, var framleis dårleg, kanskje det til og med hadde blitt verre.
Blikket fall på dei to posane med panteflasker i gangen. Eg kjende ei eling gjennom kroppen. Viss eg gjekk ut, kunne eg ta med flaskene og ta lodd i pantelotteriet. No var det vel snart min tur til å vinne potten? Eg hadde funne ei ny meining med dagen og hadde ingenting å tape.
Ryggen vart rakare og truten litt mindre stram då eg nærma meg butikken. Lotteriknappen som eg snart skulle trykke på, okkuperte tankane.
I pantekøen framføre meg stod ei kvinne med langt skjørt i fleire fargar. Trass i at ho hadde fem fulle posar med pant, såg ho like ivrig på dei bulande posane mine som eg gjorde då eg tenkte på lotteriknappen. Ho signaliserte at ho var gravid i tillegg til å ha tre andre born å forsørgje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.