Kaldfront i Arktis

Russland-retorikken til regjeringa aukar spenninga i nord, meiner forskar Julie Wilhelmsen.

NUPI-forskar Julie Wilhelmsen seier at Noreg sjølv har vore med på å auke spenninga i nord, mellom anna gjennom Trident Juncture i fjor, den største NATO-øvinga i Noreg sidan den kalde krigen.
NUPI-forskar Julie Wilhelmsen seier at Noreg sjølv har vore med på å auke spenninga i nord, mellom anna gjennom Trident Juncture i fjor, den største NATO-øvinga i Noreg sidan den kalde krigen. NUPI-forskar Julie Wilhelmsen seier at Noreg sjølv har vore med på å auke spenninga i nord, mellom anna gjennom Trident Juncture i fjor, den største NATO-øvinga i Noreg sidan den kalde krigen.

Nordområda har vore definerte som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i regjeringsdokument sidan 2005. Like lenge har det vore eit mål å styrkje samarbeidet med Russland, vår største nabo i nord.

I den nyaste nordområdestrategien frå 2017 vert naboskapet omtala som «en konstant og viktig faktor i norsk nordområdepolitikk», og regjeringa understrekar at ho «prioriterer dialogen med russiske myndigheter høyt».

No får norske styresmakter likevel kritikk for å ha mista litt av grepet i nordområda og særleg andsynes Russland. Forskarar frå Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) og Fridtjof Nansen Institutt (FNI) meiner at norske styresmakter ikkje forstår Russlands ambisjonar og ønske i Arktis godt nok, og at dei fører ein farleg og konflikteskalerande retorikk mot den store naboen. Det kom fram under seminaret «Stormaktspolitikken inntar Arktis: Hva vil Norge i nord?» i Arendal førre veke.

– Forverrar relasjonen

Den russiske militærøvinga utanfor norskekysten førre veke illustrerer situasjonen, ifølgje Russlands-forskar Julie Wilhelmsen ved NUPI. At regjeringa omtalar øvinga som ein rein provokasjon, er både uklokt og farleg, og kan bidra til å forverre ein allereie spent relasjon, meiner ho.

Ho seier at Noreg sjølv har vore med å auke spenninga i nord ved å sleppe amerikanske militære einingar og styrkar til nærare Russland dei siste åra. NATO-øvinga Trident Juncture, stasjoneringa av amerikanske soldatar på Værnes og oppgraderinga av Globus II-radaren i Vardø vert nemnde som døme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement