Intervju

Trakassert ungdom

Omfanget av seksuell trakassering blant ungdom har vore kjent sidan 2017, ifølgje forskar Kari Stefansen ved NOVA.

14-åringane Ella Fyhn (t.v), Ea Baklund og Ellisiv Aure (t.h) tok opp seksuell trakassering av jenter i skulen i Aftenposten og har skapt debatt i Stortinget.
14-åringane Ella Fyhn (t.v), Ea Baklund og Ellisiv Aure (t.h) tok opp seksuell trakassering av jenter i skulen i Aftenposten og har skapt debatt i Stortinget.

«Vi opplever at mange har et inntrykk av at vår generasjon vokser opp i et likestilt samfunn. Det stemmer ikke», skreiv tre 14 år gamle jenter denne veka i Aftenposten. I ei innlegget om metoo som aldri kom til skulegarden, fortel dei tre at jenter på deira alder dagleg vert møtte av nedsetjande kommentarar som «hore», «slut» og «billig», og at lærarar og andre vaksne ofte bagatelliserer situasjonen når dei seier frå.

Kari Stefansen er forskar ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (Nova) ved OsloMet – storbyuniversitetet. Ho er ikkje overraska over innlegget.

– Nova har i fleire studiar kartlagt seksuell trakassering og uønskt seksuell merksemd blant ungdom. Vi har ikkje tal for ungdomsskulen, men for aldersgruppa 17–18 år har vi Ung­data-undersøkinga frå 2017. Der svarte 20 prosent av jentene ja på spørsmål om dei i løpet av det siste året hadde opplevd at nokon på ein sårande måte har kalla dei hore, homse eller andre ord med seksuelt innhald. Det tilsvarande talet for gutar var 13 prosent. I tillegg svarte 21 prosent av jentene at dei det siste året hadde opplevd at nokon spreidde negative seksuelle rykte om dei.

– Er det like utbreitt over heile landet?

– Det veit vi ikkje. Ungdata-
undersøkinga har nasjonalt representative tal, men resultata er ikkje brotne ned.

– Kva kjem den trakasserande tonen av?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement