JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

IntervjuSamfunn

Gutane som glapp

– Venstresida har tapt fridomsomgrepet til høgresida og mistar difor dei unge mennene, seier kjønnsforskar Jørgen Lorentzen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leiar i Unge Høgre Ola Svenneby jublar på valvaka på Høyres Hus i Oslo etter kommunevalet i 2023.

Foto: Heiko Junge / NTB

7551
20240223

Samtalen

Jørgen Lorentzen

Kjønnsforskar, medlem i Arbeidarpartiet og produsent i Integral film.

Aktuell med kritikk av venstresida.

pernille@dagogtid.no

Denne veka gjekk fleire menn på den politiske sentrums- og venstresida ut i media med bodskapen om at venstresida sviktar gutar og menn. Jo Skårderud i Klassekampen skreiv på leiarplass at «forsøk på debatt om utfordringene menn møter, faller flatt til jorda». I same avis spurde Magnus Marsdal frå Manifest Analyse retorisk om kvifor venstresida skal vere noko for unge menn «hvis de aldri har vært noe for oss?». Torkel Bjuland i KrFU sa til NRK at politikk frå venstresida om menns vilkår ikkje er truverdig.

Jørgen Lorentzen forska på menn og maskulinitet ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo i ei årrekkje. Han sit òg i kommunestyret for Nesodden Arbeidarparti. Kva meiner han?

– Dette er påstandar eg diverre er samd i. Den feministiske venstresida har dei siste 40 åra vore uinteressert i korleis det går med menn på skulen, i høgare utdanning, i arbeid og i helsetenestene, for å nemne nokre område. Det gjennomsyrer ideologien i likestillingsprosjektet.

– Mange på den feministiske venstresida vil nok rynke på nasen no. Har du nokre døme?

– Eg har sett mange døme på det i løpet av yrkeslivet. Eitt døme er skulen. Det er ganske mange år sidan Thomas Nordahl, ein av dei fremste forskarane på skulepolitikk, ropte varsku om gutar i skulen. Eg har ikkje sett eit einaste framlegg som har freista å bøte på det dei siste 30 åra. Ulikskapen i skuleprestasjonar består. No dominerer jenter i nokre av dei fremste utdanningane, som medisin, psykologi og tannlegestudiet, fordi gutane ikkje gjer det godt på vidaregåande skule.

– Er det negativt? Kvinnerørsla har arbeidd systematisk for å få kvinner inn i høgare utdanning, næringsliv og i akademia. Dette syner vel at likestillingsarbeidet har bore frukter?

– Ja, det er vel og bra. Denne medvitne satsinga på likestilling som tok til på 1970-talet, har vore ein kjempesuksess. Poenget mitt er at no som kvinner går klart forbi, må ein jobbe for å jamne det ut. Eit anna døme er helse.

Jørgen Lorentzen har forska på menn i ei årekkje. Foto: Privat.

– Ja, apropos helse: Vi høyrer stadig at kvinnehelse er underfinansiert og mindre forska på, at medisinske studiar tek utgangspunkt i menn.

– Det er ikkje likskapsteikn mellom forsking på helse og forsking på mannehelse. Spesifikk forsking på mannehelse har ikkje vore prioritert. Alt kring år 2000 såg eg at vi måtte ta særleg psykisk helse hjå menn alvorleg. Eg hadde gode møte med Helse- og sosialdepartementet om temaet. Diverre sette Stoltenberg I-regjeringa ein effektiv stoppar for at samtalene bar frukter. Det var ikkje politisk interesse for det. I staden fekk vi ei ny kvinnehelseutgreiing, noko eg i og for seg støttar. Men vi kan ikkje forske på kvinnehelse utan samtidig å forske på mannehelse. Mine fanesaker har vore menn, einsemd, sjølvmordsproblematikk og farskap, særleg med utgangspunkt i forskinga til nyleg avdøde Kari Skrede ved Statistisk sentralbyrå. Ho har synt korleis talet på menn som ikkje reproduserer seg, er høgt. Det gjeld både menn som aldri får eigne barn, og talet på menn som mistar eller aldri har hatt kontakt med barna sine. Det finst knapt forsking på dette. Eg og kollegaene mine har fleire gonger etterlyst spesifikke levekårsundersøkingar for menn. Vi har ikkje vorte høyrde.

– Dei siste 25–30 åra har vi òg hatt sentrum-høgre-styring. Kvifor skal venstresida få ansvar for dei manglande tiltaka?

– Sjølvsagt har ikkje venstresida skuld i alt. Men kunnskapen om utfordringane til menn har ikkje vorte omsette til praktisk politikk av venstresida. Likestillingsprosjektet har ideologisk sett handla om kvinner. Eit konkret døme: I 2010 sat eg i Barnelovutvalet. Der kom fleirtalet fram til eit forslag om å endre barnelova for å få betre likestilling av foreldreskap og styrkje menns posisjon etter skilsmisse. Dåverande likestillingsminister Anniken Huitfeldt følgde ikkje opp forslaget. Den tenkinga har halde fram.

– Eg trur venstresida framstår som autoritær for unge menn.

Jørgen Lorentzen, kjønnsforskar.

– Kritiske røyster innan mannsforskinga hevdar at venstresida ikkje vil snakke om utfordringar menn har, fordi det tek fokus og ressursar vekk frå kvinner.

– Ja, diverre tenkjer somme på likestilling som ei kake, der meir til enkelte tyder mindre til andre. Det synet er eg sterkt usamd i. All forsking tilseier at når menn får det betre, får også kvinner det betre. Det beste dømet på det er fedrekvoten. Det er eit av dei viktigaste likestillingspolitiske vedtaka i Noreg, fordi det jamt over betra livskvaliteten til både menn, partneren deira og barnet.

– Ein kan få inntrykk av at menn ikkje sjølv gjer noko for å arbeide for strukturell endring. Kvinnerørsla har mobilisert hardt i over 50 år, for likeløn, betre familiepolitikk, kvinnehelse. Kven si oppgåve er det å kjempe for utfordringane til menn?

– Ære være kvinnerørsla. Det har vore den viktigaste demokratirørsla i historia til landet vårt. Men gløym ikkje at det òg var mange menn med i rørsla som kjempa fram desse rettane. Eg meiner det har vore lite interesse for levekåra til menn i dei feministiske miljøa. Til dømes då ein skulle lage dei første statistikkane på vald i nære relasjonar på 1980-talet, tok eg opp at vi òg trong forsking på vald mot menn i parforhold, og det fekk eg mykje kjeft for av kvinnerørsla. No er det heldigvis vanleg å inkludere det perspektivet.

– Tal frå kommune- og fylkestingsvalet i fjor syner at 58 prosent av menn under 25 stemde på Høgre og Frp. Kvifor vert det slik, trur du?

– Eg trur menn kjenner at venstresida lenge har vore uinteressert i menn og snakka dei etter munnen, utan å kome med konkrete tiltak. Tala har vore eintydige i 25 år, men samstundes har venstresida halde fast på ideologien om at likestilling gjeld kvinnerettar. Eg trur menn ikkje kjenner seg heime i velferdsprosjektet til den breie venstresida. Ein stor del av arbeidarklassen er menn som no stemmer Frp. Venstresida har ikkje gjort nok for å få dei tilbake. Det er eit vilja politisk prosjekt for å tekkast ein annan veljarmasse, nemleg den velutdanna middelklassen – lærarar, advokatar og andre høgtlønte yrkesgrupper.

– Verdiar som fellesskap og velferdsgode burde vel tiltrekkje seg unge menn frå arbeidarklassen?

– Unge menn er opptekne av fridom, og dei identifiserer seg ikkje med velferdsstaten. Venstresida har ikkje klart å vise at sosialdemokratiet også er eit fridomsprosjekt. Det siste dømet på det var i debatten om privatskular, som stranda då Ap ikkje var tydeleg på at det berre er dei profittdrivne privatskulene dei vil forby.

– Høgresida har fått monopol på fridomsomgrepet?

– Eg trur venstresida framstår som autoritær for unge menn. At venstrepolitikk handlar om identitetspolitikk, og at ytringsklimaet på venstresida er for snevert. Då freistar det med parti som forfektar individuelle og liberalistiske verdiar. Venstresida har mista fridomsomgrepet til marknadsliberalistane.

– Mannsutvalet skal leggje fram arbeidet sitt i april. Kva håper du dei kjem fram til?

– Dei må ta situasjonen til gutar og menn alvorleg. Eg trur utvalet kjem til å ta opp heile spekteret av problem. Det som er viktigast, er at det dei kjem fram, vert til praktsk politikk. Og så synest eg at Arbeidarpartiet straks må lage ei offentleg utgreiing om helsa til menn, som inkluderer både psykisk og fysisk helse, og helseutfordringar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis