Integreringskoden er ikkje knekt
Soga om kostnadene ved innvandring er den same gamle: Kor godt folk tener, og kor godt integrerte dei vert i arbeidslivet, kjem an på kvar dei kjem frå, syner dei siste tala frå SSB.
Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Debatten om kostnadene ved innvandring er i og for seg avgjord. Dei to Brochmann-utvala har synt at innvandring frå den tredje verda er dyrt, svært dyrt. I det politiske landskapet er det samstundes avgjort at berre Frp er tent med eit ordskifte om kostnadene ved innvandring. Ved førre stortingsval ynskte til dømes ikkje Ap ein valkamp prega av innvandring.
Det gjekk nokolunde godt, til Sylvi Listhaug kom attende frå morspermisjon. Ho dominerte i avisene og på radio og fjernsyn. Veljarane sa på valdagsmålingane at innvandring var det viktigaste politiske spørsmålet, og regjeringa Solberg vart berga – heilt til Frp gjekk ut av regjeringa av di andre regjeringsparti ville henta ei IS-mor heim frå ein flyktningleir, noko som igjen leidde til at KrFs fremste siger glapp, ei stram lovgjeving på bioteknologifeltet og reproduksjon.
Så ja, innvandring har stor politisk sprengkraft og kan føre til politiske konsekvensar som få, om nokon, har oversyn over. Samstundes er det stadig færre oppslag om innvandring og kostnadene ved henne i media. Det kan ha å gjera med at Brochmann stilna debatten om dei uheldige sidene for velferdsstaten ved innvandring – vi fekk ein fasit – og at vi etter innvandringskrisa i 2015 stramma til regelverket.
Heller ikkje Moria-debatten, om menneska som sit i flyktningleirar i Hellas, førte til noka reell endring av regelverket. KrF og Venstre gjekk til slutt med på eit vedtak som sa at Noreg berre skulle taka mot innvandrarar frå Moria dersom minst åtte andre land i EU gjorde det same. Dessutan skulle kvar person frå Moria reknast av mot kvoten for FNs kvoteflyktningar, som i hovudsak er flyktningar som FN meiner ikkje kan sendast heim. Moria er prega av eldre tenåringsgutar frå Afghanistan og Pakistan. Då verkar det ikkje truleg at Noreg prioriterer desse framføre forfylgde minoritetsgrupper frå til dømes Irak eller Syria.
Ligg fast
Så norsk innvandringspolitikk ligg førebels fast: Vi tek mot flest kvoteflyktningar per innbyggjar i verda, vi har høg familieinnvandring, men skal ha låg asylsinnvandring. Og denne politikken er det brei semje om. Likevel held forskinga på kostnadene fram. Men ho viser diverre lite positivt nytt. Integreringskoden har ikkje vorte knekt og ser ikkje ut til å verta knekt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.