Ingen er meir rasande enn eit forsmådd EUSmerta ved brexit er sanneleg lik ei skilsmisse, men ho kan likevel vere verd det.

Smerta ved brexit er sanneleg lik ei skilsmisse, men ho kan likevel vere verd det.

Sjefforhandlar i EU, Michel Barnier (t.h.), saman med den britiske brexitministeren David Davis under skilsmisseforhandlinga på hovudkontoret til EU i Brussel.
Sjefforhandlar i EU, Michel Barnier (t.h.), saman med den britiske brexitministeren David Davis under skilsmisseforhandlinga på hovudkontoret til EU i Brussel.
Publisert

Eg tok feil når det galdt brexit, som eg var mot, men eg fekk rett i at det ville vere som ei skilsmisse. I juni i fjor, berre to dagar før folkerøystinga om britisk EU-medlemskap, spådde eg at å få teke ut ein separasjon etter 43 års ekteskap, ville ta mykje lengre tid og koste langt meir enn dei som arbeidde for «leave»-kampanjen ønskte å vedgå.

Eg har merka meg at dei fleste som har planar om skilsmisse, er motiverte av to ting. For det første ser dei berre feila hos ektefellen. For det andre fantaserer dei om ei idealisert alternativ framtid. Så mektige er desse kjenslene at ein nesten vert blind for vanskane og kostnadene ved ein skilsmisseprosess. Berre langsamt går det opp for ein at det ikkje finst verre raseri enn hos ein forsmådd ektemake – og at skjærselden vert administrert av advokatar.

Dei siste vekenes samtalar i Brussel mellom David Davis, den britiske brexitministeren, og Michel Barnier, sjefstingaren for EU, illustrerer poenget mitt på fullkome vis. «Når eg les nokre av dokumenta Davis har sendt meg», sa Barnier under ein stressa pressekonferanse førre torsdagen, «ser eg ein slags nostalgi i form av spesifikke krav som ville innebere å dra nytte av alle fordelane ved den indre marknaden utan å vere del av han». Det er nett slike ting forsmådde ektefellar seier.

Den same tendensen såg vi i ein avisartikkel av Guy Verhofstadt, som representerer EU-parlamentet i tingingane; artikkelen verka meir som eit brev frå ein spydig advokat. Davis laut vere «ærlegare om dei komplikasjonane brexit skaper», erklærte Verhofstadt, i staden for å «forgifte atmosfæren ytterlegare».

Akkurat. I samband med skilsmisse er det vanleg praksis å skulde den som bryt ut, for å forgifte atmosfæren, om det er den minste motstand mot den rasande partens opphavlege og innlysande overspente finansielle krav.

EU-sida har drøymt fram den digre summen på 100 milliardar euro som Storbritannias brutto «brexitrekning», og beint fram slått fast at det ikkje vil bli diskusjonar om framtidig handel før kravet er godteke. Dette svarar til den forsmådde makens krav om huset, minus lånet, og avslaget om å diskutere omsorga for ungane før skøytet er overlevert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement