Idrett er også vakre rekker med tal

Per Jorsett skapte stolte høgdepunkt i skøytesportens magiske grep på hoffet og folket.

Tre av fire S-ar på pallen i verdsmeisterskapen på skøyter på Bislett i Oslo i 1981. Amund Sjøbrend tok gull, Kay Stenshjemmet sølv og Jan Erik Storholt bronse.
Tre av fire S-ar på pallen i verdsmeisterskapen på skøyter på Bislett i Oslo i 1981. Amund Sjøbrend tok gull, Kay Stenshjemmet sølv og Jan Erik Storholt bronse.
Publisert

Den adelege delen av den aldrande skøytefamilien var samla på Vestre gravlund i Oslo tysdag. Det var Time to Say Goodbye til ein sportskulturell og identitetsbyggande epoke i nasjonens historie. Med Preikarens ord: «Alt har i si faste tid.» (Fork 3,1)

Per Jorsett døydde 30. januar. Det var 1360 dagar etter skjema, for han hadde lagt opp til å bli 95 år, sjølv om livsløpet enda i 2027 i den nekrologen han skreiv for sju år sidan.

Den folkekjære Jorsett var ikkje skøyteløpar, men skyttar i Oslo Østre. Han var profesjonell i talbransjen som aktuar og forsikringsmann i 50 år, men hadde eit approbert sideløp som resultatregistrerande sportsjournalist under signaturen «pjo».

Som nøktern og sakleg parhest til Knut Bjørnsen i einkanalsamfunnet var Jorsett med og forma den dragande blandinga av teknikk, estetikk, metaforikk, statistikk og dramatikk i skøytesportens stordomstid. Han lærte fleire kohortar av unge menn nytten av praktisk rekning for å kunna halda orden på poengsummane, og tala har sett seg fast.

Jorsett fylte hoffet og folk flest med tal og forteljingar til eit heilt nasjonalbibliotek. Gje Dag Solstad (16.07.41) ei øl, så trillar det ut rundetider, som i Roman 1987, med den triste og førrevolusjonære 1962-sesongen då Knut Johannessen var beste norske på sjuande plass i VM – etter Wang Chin-yu og Lo Chi-huan.

Der to eller fleire 70-åringar er samla i nerdete mimring, er Jorsett midt iblant dei. «Själv han är mig alla dagar nära, för var särskild tid med särskild nåd.» Då går dei ufortrødent vidare til nostalgisk skøytequiz, som også kan kallast førebyggande demenstrening.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement