JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1840
20170303
1840
20170303

I 1841 var Henrik Wergeland (1808–45) ute i hardt vêr. Han hadde teke imot økonomisk stønad frå unionskongen Carl Johan. Både vener og motstandarar meinte det var grunn til å tvile på det nasjonale sinnelaget hans. Dei kalla han både «hoffpensjonist» og meir til. I «Efter Tidens Leilighed» (tittelen tyder nærast «Slik det høver med tida») samanliknar Wergeland seg med den første kristne martyren, forkynnaren Sankt Stefanus, som ein kan lese om i Apostelgjerningane. Omkring år 35 vart han steina til døde av motstandarar som meinte han hadde spotta Gud.

Men teksten peikar langt ut over det reint private. Wergeland fortalde at han ikkje var nokon svikar; han ville nytte pengane frå kongen til eit vidfemnande folkeopplysingsarbeid. No tok han òg til med det seige strevet for å fjerna den såkalla jødeparagrafen i grunnlova, som han meinte bygde på skammelege løgner og fordomar, og ikkje var ein demokratisk nasjon verdig. Som ein lekk i arbeidet, sende han året etter ut samlinga Jøden, ni blomstrende Torneqviste (1842), der han i diktet «Sandhedens Armé» slo fast at sanninga alltid vil sigre, rett og slett av di ein hær (Armé) av ord eig ei sterkare makt enn alt anna. Eit sanningsord kan vere nok til å puste vekk («vejre hen») både ørkenfjell av lygn og tåkete fordomar. Slik ville han òg sjølv, med eigne ord, kjempe for det rette. Difor tala han direkte til sanningsorda (med fleirtalsforma av verbet «storme») og bad dei «Stormer Løgnens Ørkenbjerge! / Hen I vejre / dem og Fordoms Taageleire!»

«Efter Tidens Leilighed» er, saman med «Sandhedens Armé», ei truvedkjenning der Wergeland slår fast at sanninga kan vere eit sterkt nok signal til å snu verda om når ho ikkje er på stell («naar den er aflave»). Sjølv der lygnene ser ut til å råde, ber sanningsordet sigeren i seg. Godt å vite, i dagar som desse.

Vigdis Ystad

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis