Hysteri-
tradisjonen
Russekritikken er like gammal som russefeiringa, men kvart år vert hakesleppet større og større.
Eg hadde 25 knutar. Eg fridde til sosialkunnskapslæraren min, mellom anna, og tok den knuten eg nemner tidleg i teksten, med trafikklyset.
Foto: Mone Celin Skrede
«Ok, vi må dele oss opp», seier klassevenninna.
Ti russ frå kunstlinja står ved fotgjengarfeltet i Ålesund sentrum og ventar på trafikklyset. Så fort den svarte trafikkmaskinen raudnar, tek vi sats og spring, ein etter ein, gjennom det rotete baksetet i den næraste ventande bilen. Buksereimene hektar seg fast, bildørene smell og sjåføren sukkar. Éin stad går det gale, og heile klassen rasar gjennom det same baksetet. Lyset blir grønt.
Trafikklyset for tre veker med unntakstilstand går i grønt rett før skippertaksperioden til eksamen startar. Og lausrivingsfeiringa var opphavleg ei feiring for eliteungdommen i Oslo. Dei drakk i gatene på 17. mai og protesterte mot fråhaldsrørsla og bygdefolket, ifølgje Folkehelseinstituttet. Men denne protesten har blitt ein eigen kultur.
Då eg gjekk på barneskulen, gleda vi oss til russen kom kvart år, for å få russekort, fløtekaramellar eller for å bli spylt ned med vassgevær. Men russestrekane snik seg på sokkelesten over grensa for det som er rimeleg kvart år.
Fire jenter blei dopa ned med GHB på eit treff på Fana i Bergen i fjor. Éi av jentene vart dumpa i ein bosscontainer og vakna der, svært nedkjølt. Politiet omtala feiringa som den verste hittil. Og med dei pornofokuserte russelåtane og valdtektsproblematikken blir feiringa rett og slett motbydeleg. Det er ikkje naudsynt å protestere mot fråhaldsrørsler lenger, og ulikskapane mellom bygd og by treng ikkje ved på bålet.
Det gjekk bra med kunstfagrussen i Ålesund, men å starte på vidaregåande i dag er for svært mange det same som å starte planlegginga av tre veker med fyll. I tillegg til overgangen til større prestasjonskrav og ny skule, kjem sparing til russebuss og leiting etter bussvener.
Ifølgje NRK i 2014 oppmoda fleire nettsider russen om å ta opp forbrukslån for å finansiere maivekene. Ein buss kan godt koste ein halv million. Russen sjølv vil hugsast for ettertida, og total utskeiing er oppskrifta som vinn.
Men når det går gale kvart år, er det mager trøyst at det er dei få som øydelegg. Kanskje er det på tide å heidre tradisjonen på ein ny måte. Er eg å rekne for pensjonist når eg spør om ikkje dagens 19-åringar tykkjer det er kjekt med vasskrig lenger?
Mone Celin Skrede er praktikant ved Nynorsk Avissenter.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kanskje er det på tide
å heidre tradisjonen
på ein ny måte.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?