JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Med medisin som naudløysing

Mangel på tid, folk og kunnskap ligg bak medisinbruken i eldreomsorga, meiner Wenche Frogn Sellæg, pensjonert overlege.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2472
20230210
2472
20230210

peranders@dagogtid.no

«Eit overgrep», sa Wenche Frogn Sellæg til NRK om ryggskadane som tre demente kvinner fekk etter behandling med antipsykotika ved Namsos helsehus. For Sellæg, tidlegare Høgre-politikar, overlege og geriatrikar, no pensjonist, gjorde historia ekstra sterkt inntrykk. Ei av dei sjuke kvinnene var ein tidlegare kollega. Dei jobba saman i ei årrekkje, mellom anna med å få ned bruken av antipsykotika i eldreomsorga.

– No er ho skadd for livet. Ho går skeivt og kan ikkje rette opp nakken lenger. Det var ting som dette vi ønskte å hindre, seier Sellæg til Dag og Tid.

Kunnskapsmangel

Etter at ho forlét Stortinget i 1993, arbeidde Sellæg som overlege i geriatri. I 2000 vart ho seksjonsoverlege ved Namdal sykehus, og ho har vore leiar for Demensrådet i Nasjonalforeningen for folkehelsen. Gjennom 30 år har ho sett det ho meiner er eit skadeleg overforbruk av psykofarmaka i eldreomsorga. Som overlege reiste Sellæg mykje rundt i Nord-Trøndelag med eit tverrfagleg team og snakka om desse emna for dei tilsette ved sjukeheimane.

– Dette handlar om mangel på kompetanse og mangel på personale. Legane vil løyse problema med urolege demenspasientar med medisin, men erkjenner ikkje faren for biverknader. Mange pasientar misser evna til å gå skikkeleg, dei dett og slår seg, og somme får varige skadar, seier Sellæg.

Ho understrekar at desse medisinane ikkje skal vere førstevalet for urolege pasientar.

– Før ein nyttar psykofarmaka, skal ein prøve med andre tiltak. Det kan vere å snakke roleg med pasientane, ta dei med ut og gå ein tur, eller vekkje minne om noko dei er glade i. Men ofte har ikkje dei tilsette tid, dei er for få på jobb og klarer ikkje møte uroa til pasientane.

Bruken av medisinar varierer mykje mellom ulike sjukeheimar, fortel Sellæg.

– Gode, faste tilsynslegar vil ofte slutte å gje medisinane når dei ser pasientane blir verre eller får biverknader. Men det kan vere fleire legar som deler tilsynsansvaret, og da er det ikkje sikkert desse teikna blir tekne alvorleg.

Som fag har geriatrien lenge vore lågt prioritert, både blant legar og blant sjukepleiarar, meiner Wenche Frogn Sellæg.

– Eg har inntrykk av at kunnskapen blant legane har blitt litt betre. Men det er framleis vanskeleg å nå ut med kunnskap. Vi treng eit kompetanseløft i eldreomsorga.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis