Hatet mot jødar
Kvifor hata massemordaren i Pittsburgh Hebrew Immigration Aid Society?
Laurdag 27. oktober small det i Pittsburgh i delstaten Pennsylvania. Ein 46 år gammal mann, Robert Bowers, trengte seg inn i en synagoge i byen og myrda elleve menneske. Denne terrorhandlinga sjokkerte mange. Ikkje minst var retorikken til mordaren sjokkerande. Han minte oss om at antisemittismen er ei veldig kraft for mange ekstremistar.
Før han gjekk amok skreiv Bowers mange meldingar på sosiale medium, meir presist på Gab, eit sosialt nettverk der mange høgreekstremistar er aktive. I den siste meldinga gjekk han til angrep på HIAS. Men kva er HIAS?
Jødisk hjelpeorganisasjon
HIAS er ei forkorting for Hebrew Immigration Aid Society, ein jødisk hjelpeorganisasjon som blei oppretta i New York på byrjinga av 1880-åra. Sjølvhjelpsorganisasjonar er ein gamal tradisjon blant jødar. Som minoritet utan land måtte dei lenge hjelpe sine eigne. HIAS-historia er difor sterkt knytt til moderne europeisk historie og til jødane sin skjebne før, under og etter den siste verdskrigen. Også i Noreg har jødane hjelpt sine eigne. Alt i 1905, då det berre var noko over 1000 jødar i landet, blei den fyste jødiske hjelpeorganisasjonen etablert i Noreg.
For jødane er det å hjelpe andre viktig og rekna som ei mitzveh, ein heilag handling. Slik har det òg vore for HIAS. Dei fyste dei hjelpte, var jødar som immigrerte til USA frå det russiske tsardømet. Desse jødane var dei fattigaste og mest forfylgde i heile Europa. Mange av jødane som kom til Noreg etter 1880, var frå det same området.
Den fyste verdskrigen vart eit vegskilje. Etter infernoet blei dei gamle grensene brotne ned og nye statar kom til. Pogromar og drap fylgde i fotspora til nasjonalistiske rørsler. Dei «kvite» i Russland for fram med dei mest brutale middel. Jødane blei automatisk tolka som «bolsjevikar»; den same koplinga blei gjort av den borgarlege pressa i Noreg. Nærast i sjokk samla norske jødar inn pengar, blant anna til HIAS. Mange måtte flykte, både frå «kvite» og «bolsjevikar». HIAS jobba både mot tida og fordommane.
Europeisk avdeling
Etter 1933 konsentrerte HIAS seg om å hjelpe jødar frå Tyskland, og seinare frå Austerrike og Tsjekkoslovakia. Dei slo seg saman med andre organisasjonar og stifta ei eiga europeisk avdeling som heitte HICEM. Jødar blei ikkje rekna som politiske flyktningar og fekk ikkje automatisk asyl. Tvert om, både USA og europeiske statar var opptatt av å strupe innvandringa. Å få jødar ut av Tyskland var vanskeleg og kosta pengar. Om jødar for eksempel skulle få kome til Noreg, måtte det garanterast for dei, og likevel fekk dei berre mellombels opphaldsløyve. HICEM sørgde, saman med andre jødiske organisasjonar, for pengar til billettar vidare og naudsynte lommepengar. Mange av desse jødane stranda i Noreg i april 1940: Nokre blei sidan deporterte, andre flykta til Sverige då nazistane gjekk til aksjon mot jødane hausten 1942.
Etter den andre verdskrigen vart det nye oppgåver. Dei fleste av dei såkalla «displaced persons» i Europa var jødar. HIAS var blant dei som sørgde for å hjelpe dei. Seinare, etter at Israel vart danna, redda organisasjonen jødar frå Egypt, frå Marokko, frå Sovjetunionen og mange andre land.
I 1975 vart organisasjonen oppmoda av det amerikanske utanriksdepartementet om å bruke kunnskapen til å hjelpe med integrasjonen av vietnamesiske flyktningar. Det blei eit nytt vegskilje. HIAS blei i større grad ein aktør for alle som var på flukt. Kunnskapane deira kunne redde liv. Dei har vore i Darfur, i Tsjad, på dei greske øyane, sørgd for afrikanske flyktningar i Israel og sjølvsagt arbeidd vidare med integrering i USA. Som andre jødiske hjelpeorganisasjonar skjønar HIAS kva forfylging er.
Konspirasjonsteori
Så kvifor hatar Bowers HIAS? Jau, han meiner dei hjelper muslimar til å kome til USA. Jødane, hevdar han, ønskjer å øydelegge USA, og HIAS er beviset. Difor gjekk han til angrep på synagogen som heitte «livets tre». For ekstremistar som Bowers er jødane framleis midtpunktet i konspirasjonsteorien deira; det er dei som står bak all ulukke i verda og som ønskjer å øydeleggje den «kvite rasen». Leiinga i HIAS var sjokkerte etter terrorangrepet, men svaret var likevel at dei sjølvsagt vil fortsette å arbeidde på dei felta dei no gjer. Det står respekt av ein organisasjon som HIAS, spesielt i den tida vi no lever i. Men HIAS veit kva dei gjer; dei har vore oppe mot mykje verre fiendar før.
Bjarte Bruland
Bjarte Bruland er historikar og statstipendiat.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.