Grøn mann

Jan Bojer Vindheim har levd eit liv i forkant. No held tida på å nå han att.

I mange år har Jan Bojer Vindheim representert eit marginalt parti. No tyder meiningsmålingane på eit verkeleg gjennombrot for Miljøpartiet Dei Grøne.
I mange år har Jan Bojer Vindheim representert eit marginalt parti. No tyder meiningsmålingane på eit verkeleg gjennombrot for Miljøpartiet Dei Grøne.
Publisert

– Det kjennest bra å kunne lene seg litt attende og sjå at andre driv valkamp for Dei Grøne. Eg er jo vand til å drive valkamp åleine, seier Jan Bojer Vindheim (74).

Dette intervjuet burde eigentleg ha vore eit portrett. Livshistoria til Vindheim inviterer til det. Som tenåring var han med på å starte Sosialistisk Ungdomsforbund, som seinare vart overteke av erkefiendane hans i ml-rørsla. Han var ein av Noregs første hippiar, ein anarkist og narkotikaliberalar, han var med på å starte Gateavisa og alternativsamfunnet på Karlsøy. Han er barnebarn av Johan Bojer, han har vore forfattar, redaktør og forleggar, og ein tyrkisk tenkjetank kalla han nyleg for terrorist på grunn av engasjementet hans for kurdarane.

Men alt dette må liggje, for vi skal snakke om partipolitikk. Miljøpartiet Dei Grøne fekk denne veka 10 prosent oppslutnad nasjonalt på meiningsmålinga til NRK og kan bli Noregs fjerde største parti i valet. For Jan Bojer Vindheim er dette nær uverkeleg. I mange år sat han i bystyret i Trondheim som den einaste folkevalde for MDG. Han er vand til å vere marginal. No er han ein etablert og respektert politikar i fylkestinget i Trøndelag, og partiet hans er i ferd med å bli stort. Vindheim er i Oslo i høve eit møte om forvaltninga av Vannregion Glomma («Glomma byrjar jo i Trøndelag», påpeikar Vindheim). Han har kome til byen med tog, slik det høver seg, og klokka er ti på kvelden når vi møtest på ein indisk restaurant i sentrum.

Berga av Svartlamon

Han var ikkje med heilt frå start. Dei Grøne stilte med nokre få lister ved lokalvalet i 1987, Vindheim vart med året etter.

– Eg var med på det første landsmøtet til partiet i Bø i 1989. Der låg vi på flatseng og åt kneippbrød med smør. Ting har forandra seg. No er det landsmøte på fine hotell med avanserte vegetarmenyar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement