Gode ønske i sjømatnæringa

– Sjømatnæringa ønskjer å få meir fisk over på kjøl, forsikrar Trond Davidsen, assisterande direktør i bransjeforeininga Sjømat Norge.

Publisert Sist oppdatert

Han understrekar at all fryst sjømat går ut frå Noreg med skip allereie.

– Men ferske råvarer må fort fram til marknaden. Og det er ei utfordring.

Ei mogleg løysing er såkalla superkjøling, påpeikar Davidsen, ei nedkjøling ved hjelp av gass som gjer at fisken held seg fersk mykje lenger.

– Men i tillegg har vi problemet med retningsbalansen. Det handlar om både økonomi og miljø: Det er ikkje nok produkt som kan sendast i retur med skip i dag. Vi kan ikkje køyre med tomme båtar nordover att frå Frankrike.

– Bakkafrost sender fersk laks frå Færøyane med skip til kontinentet, og dei driv godt?

– Ja, dei ta fisken på båt. Men dei har returfrakt på båtane nordover.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement