Protestpotensialet
Heilt sidan 1960 har Senterpartiet prøvd å lokke til seg oslofolk. Arbeidarpartiveteran Jan Bøhler kan ha større hell enn dei fleste før han.
Bakgrunn
Senterpartiet i Oslo
Skipa i 1960.
Første gong representert i Oslo bystyre i 1967.
Første gong representert på Stortinget 1993–1997.
Sp har i dag éin bystyrerepresentant i Oslo.
Stortingsrepresentant Jan Bøhler meldte førre veke overgang frå Ap til Sp.
Bøhler er innstilt som toppkandidat for Oslo Sp ved stortingsvalet 2021.
Det formelle valet av kandidat skjer i Oslo Sp i slutten av oktober.

Politikk
christiane@dagogtid.no
Når denne avisa kjem ut, har det gått ei dryg veke sidan Jan Bøhler, stortingsrepresentant for Oslo og Arbeidarpartiet sidan 2005, meldte «sjokkovergang» til Senterpartiet. Litt over ei veke har også gått sidan Bøhler av tidlegare partikameratar vart omtala som ein «jævla sviker», ein som «driter i eget reir», ein egoist som ikkje har prioritert partimøte, og som har teke for mange armhevingar i trea.
Så la oss zoome litt ut frå presskonferansen på Grorud i Oslo førre veke, der Bøhler stotrande kritiserer EØS-avtalen og senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum står støttande ved sida av og seier dei er samde om kva for utfordringar Oslo har, og at Bøhler er ein god ombodsmann, ein slik mann Senterpartiet gjerne vil ha på Tinget. La oss sjå på Senterpartiet som Oslo-parti.
Og la oss ta ein kikk i bakspegelen, der vi ser eit Senterparti som har slite i hovudstaden, mellom høgblokker, brustein og asfalt, i jakt på veljarar langt frå traktorspor, mjølketankar og skogsbeite.
La oss stoppe kalenderen i hovudstaden måndag den 13. september 1965.
Sp-statsminister
Denne måndagen midt i 60-åra vil bli ståande som ein merkedag i historia om Senterpartiet. Det norske folk gjekk til vallokala og røysta slik at statsminister Einar Gerhardsen og Arbeidarpartiet måtte gje frå seg makta til ei borgarleg koalisjonsregjering. Ein månad seinare peikte regjeringspartia ut den neste statsministeren: bonden, trønderen og senterpartileiaren Per Borten.
Senterpartiet fekk totalt 9,4 prosent av røystene i 1965. I Oslo såg ting annleis ut. Der stilte ikkje partiet liste eingong. Ein ønskte ikkje at veljarane skulle kaste bort røysta si. I kampen for eit ikkje-sosialistisk fleirtal rådde Senterpartiet sympatisørane i Oslo til å røyste på Kristeleg Folkeparti, som låg nærmast Senterpartiet politisk.
Men det var ein grunn til at Senterpartiet hadde skifta namn frå Bondepartiet seks år tidlegare. Namneskiftet i 1959 peikte fram mot ei tid då partiet skulle tiltrekkje seg folk og veljarar ikkje berre frå bygdene, men også frå byane. Eit ledd i planen var Oslo Senterparti, som vart skipa i 1960.
I mangel på stortingslister før valet i 1965 prøvde Oslo Senterparti å få oslofolk interesserte i partiet på anna vis. Fylkeslaget identifiserte sjølvstendige handverkarar som ei målgruppe for partiet, som jo først og fremst vart assosiert med bønder. Ifølgje historia til Oslo Senterparti, skriven for fylkeslaget av Morten Lundstein i 2010, vart eit storstila vervingsmøte planlagt i minste detalj. Heile 20.000 invitasjonar vart sende ut.
Ingen møtte opp.
Med stråhatt mot EU
Oslo Senterparti har slite med å få plass både på Stortinget og i Oslo bystyre heilt sidan partilaget vart skipa i 1960 og fram til i dag. At laget har fostra leiarfigurar som Gunnar Stålsett og Anne Enger og romma ressurssterke personar tilsette i stortings- og regjeringsapparatet, har ikkje auka oppslutninga.
I 1970-åra slo eit utval i Senterpartiet sentralt fast at osloborgarar ikkje hadde medverka stort til partiveksten i hovudstaden: «Før 60-tallet hadde Sp så godt som ingen støtte i byene. Dette snudde utover 60-tallet, men skyldtes ikke primært økt bevissthet blant byborgerne. Det skyldes økt tilflytting fra byene til landsbygda.» I 1980 trekte Anne Enger den same konklusjonen: Partiet slit med eit bondepartistempel i Oslo.
Lokalt har Senterpartiet vore ute og inne av bystyret med éin representant – mest ute. På det meste har dei vore to, men det heldt berre i éin periode. Veldig kort oppsummert har suksessen til Senterpartiet i Oslo vore konsentrert om to ting: EF- og EU-kamp og ein populær toppkandidat. Arne Haukvik var aktiv i Norges Skiforbund og Bondeungdomslaget (BUL), ein friidrettsentusiast i stråhatt som kvart år arrangerte jordbærfest i forkant av Bislett Games. Han er den einaste senterpartisten i Oslo som har klart å få stortingsplass. Då han vart vald i 1993, fekk han rett nok draghjelp frå eit EU-val som nærma seg.
Historia fører til minst tre spørsmål: Kan medvinden Senterpartiet har i dag, gje Oslo Senterparti same kraft som under EU-kampen? Kan Bøhler vere eit like sterkt trekkplaster som Arne Haukvik? Og er bondepartistempelet Senterpartiet har i Oslo, like sterkt som før?
Har ein sjanse
Dag og Tid spør Johannes Bergh, forskar ved Institutt for samfunnsforsking, kva sjansen er for at Senterpartiet sikrar seg eit Oslo-mandat med Bøhler, som i dag er innstilt som toppkandidat.
– Svaret er at dei har ein sjanse til det. Nøyaktig kva som skal til, har eg ikkje talet på, men dei manglar nok nokre tusen røyster samanlikna med valet i 2017, seier Bergh.
Oslo er den valkrinsen i landet der det er lettast for eit lite parti å komme inn, fordi Oslo har flest mandat. I valet neste år får Oslo eit ekstra mandat samanlikna med tidlegare, på grunn av folkesamansetjinga, påpeiker han.
– Partiet er i vinden. Dei sterkaste områda deira er bestemt ikkje i Oslo, men den nasjonale trenden har ein tendens til å slå inn også i Oslo. Alt dette var tilfellet alt før Bøhler kom inn. Når han kjem inn som toppkandidat, og talar på vegner av Groruddalen, er han eit sterkt kort for Senterpartiet.
Veljarar i rørsle
Senterpartiet gjekk fram i Oslo både ved stortingsvalet i 2017 og ved lokalvalet i 2019, sjølv om tala er langt lågare i Oslo enn i kjerneområda andre stader i landet. I bydel Grorud fekk Senterpartiet 2,3 prosent av røystene (totalt i Oslo var oppslutninga 2,1 prosent, nasjonalt var oppslutninga 10,3 prosent). Ved lokalvalet i 2019 kraup Senterpartiet opp til 2,9 prosent i bydel Grorud, medan resultatet i Oslo vart 2,2, prosent og nasjonalt 14,4.
Folk på Grorud røystar generelt langt raudare enn gjennomsnittet både i Oslo og i Noreg. I 2017-valet sikra Arbeidarpartiet seg 45 prosent av røystene frå bydelen, medan landsresultat låg på 27,4 og resultatet i Oslo låg på 26 prosent. Også SV og partiet Raudt hamna godt over landssnittet i bydel Grorud, med høvesvis 8,5 og 6,7 prosent av røystene. Høgre fekk dermed ein mindre del av kaka, 15,1 prosent, samanlikna med 25 prosent i resten av landet. Det same gjorde Framstegspartiet med røystene frå 12 prosent av groruddølane, mot 15,2 i nasjonalt resultat. Alle dei mindre partia, med unntak for Raudt, ville hamna under sperregrensa om Grorud fekk avgjere samansetjinga på Stortinget.
Rørslene i veljarmassane i lokalvalet 2019 gjer det interessant å stoppe opp ved enkelte av resultata der òg.
Protestpartiet og nykomaren Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB) fekk heile 10,8 prosent av røystene på Grorud. Det er langt meir enn i Oslo totalt, der 5,8 prosent røysta på dei, og 2,4 prosent nasjonalt. Arbeidarpartiet fall frå ein oppslutnad på 52,5 prosent i lokalvalet 2015 til 34,8 prosent i fjor (mot 20 prosent i Oslo og 24,8 prosent på landsbasis).
– Sterk tradisjon
Bergh peiker på at Arbeidarpartiet tradisjonelt har stått sterkt i bydelen Grorud.
– Dette er kjerneområdet til Arbeidarpartiet i Oslo og eit av dei sterkaste områda til partiet i landet. Ved lokalvalet i fjor mista Arbeidarpartiet røyster til Folkeaksjonen Nei til mer bompenger. Det viser at det er eit visst protestpotensial i Groruddalen. Dei er ikkje så lojale til Arbeidarpartiet der som dei ein gong var. Det peiker i retning av at det er veljarar å hente for Senterpartiet.
Johan Giertsen har på nettstaden Pollofpolls.no vurdert nærmare kva som skal til for at Senterpartiet kan sikre seg eit distriktsmandat frå hovudstaden neste år. Minimum for å vinne distriktsmandat i Oslo med stemmefordelinga i stortingsvalet 2013 var 3,28 prosent, og med fordelinga i stortingsvalet 2017 3,61 prosent, medan det i fylkesmålinga i Oslo frå Respons for VG i august var minimum 3,41 prosent.
Det er eit stykke opp frå dei 2,1 prosentane som røysta Senterpartiet i 2017, men Senterpartiet har forsynt seg grovt av arbeidarpartiveljarar den siste tida, både i Nord-Noreg, Innlandet og Trøndelag. Kva potensial Senterpartiet har i hovudstaden, står att å sjå. Sist Senterpartiet fekk ein oslomann på tinget, i 1993, var oppslutninga i Oslo 4,4 prosent. Partiet kan òg komme til å konkurrere om eit utjamningsmandat.
Håp og tru
Leiar i Oslo Senterparti Bjørg Sandkjær har tru på at fylkeslaget skal sikre seg eit av Oslo-mandata neste år.
– Med Bøhler på laget vert vi meir synlege, og vi er alt i siget. Eg trur det skal halde heilt inn til stortingsplass, seier ho.
– Kvifor er det viktig at Sp får inn ein representant frå Oslo?
– Eg trur vi viste ved valet i fjor at senterpartipolitikk er god oslopolitikk. Det handlar om tenester nær folk, små forskjellar og grøntområde. Dette er nærpolitikk som vi i Senterpartiet meiner vil gjere Oslo til ein betre by. Å få osloperspektivet inn i Senterpartiet vil også gjere at vi verkeleg får ein politikk for heile landet.
Viktige saker for Oslo Senterparti, som også Bøhler har trekt fram, er å gjenopprette Aker sjukehus som lokalsjukehus for Groruddalen og å ta vare på Ullevål sjukehus.
– Vi har fleirtal for det i Oslo bystyre, men ikkje på Stortinget – enno, seier Sandkjær.
Ho meiner at politireforma har slått dårleg ut i Oslo, at geografiske og sosiale skilje mellom folk er for store, at matjord, grøntareal og kolonihagar skal vernast om. Aller viktigast, meiner Sandkjær, er lokaldemokratiet og folkestyret.
– Vi meiner at Oslo er den kommunen i Noreg der vanlege folk har lengst veg til dei som styrer. I ein liten by treffer ein dei som styrer i butikken. Eg trur få veit kven dei 59 som sit i bystyret i Oslo, er. Derfor må bydelsstyra få meir å seie.
Oslo-retorikk
– Enkelte oppfattar Senterpartiet som eit «anti-Oslo-parti». Må de leggje om retorikken?
– Eg synest vi alt har lagt om. Eg opplever at det vi snakkar om no, er store system som gjer menneska små. Eg er også usamd i at vi har vore «anti-Oslo». Trygve har aldri snakka ned vanlege folk i Oslo. Det eg høyrer, er kritikk av maktkonsentrasjonen. Når ein kritiserer konsentrasjon av makt, må ein også bruke andre ord på dette enn berre Oslo. Det synest eg vi er vortne flinke til.
Valforskar Bergh oppfattar klart Senterpartiet som eit ikkje-urbant parti som talar distrikta si sak.
– Nett i lanseringa av Bøhler som kandidat, hørte ein ikkje så mykje «anti-Oslo-retorikk». Vi får sjå i valkampen. Det å vere kritisk til hovudstaden kan gjere seg i mange andre delar av landet, så det er lett å sjå for seg at det kan oppstå konflikt mellom Bøhler i Oslo og dei andre som er kritiske til at Oslo får så store ressursar.
Til stades på Grorud
Bøhlers overgang frå Arbeidarpartiet til Senterpartiet var på eit vis varsla føreåt i eit stort oppslag i lokalavisa Akers Avis den 28. august:
«Jeg har hatt med min gode venn Trygve på en heldags rundtur i Groruddalen. Det er viktig å bygge fellesskap mellom by og land, og her i Norges mest folkerike dal finner vi begge deler. Vi er utkant og distrikt i Oslo, samtidig som vi har nok av typiske storby-ting å ta tak i», skreiv Bøhler på Facebook den dagen.
Det er ikkje tvil om at Vedum har brukt tid på Grorud. Valet vil vise om han har nytta den godt. Og for å starte om lag der vi byrja:
Då Senterpartiet fekk statsministeren hausten 1965, fem år etter at fylkeslaget i Oslo vart skipa, var det utan senterpartipolitikarar på oslobenken. Om Senterpartiet nokon gong skal kunne håpe på eit oslomandat att, 28 år etter at Arne Haukvik vart vald inn i 1993, må det vere neste år.
Og det bør kanskje nemnast: På ei meiningsmåling utført av Kantar for TV 2 førre veke vart Arbeidarpartiet og Senterpartiet nær like store, med ei oppslutning på høvesvis 18,4 og 16,2 prosent av veljarane. Skjer det igjen, vil spørsmålet verte stilt oftare enn det alt vert gjort i dag: Kven vert statsminister ved ein raudgrøn siger i 2021? Jonas Gahr Støre eller Trygve Slagsvold Vedum?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Trygve har aldri snakka ned vanlege folk i Oslo.
Bjørg Sandkjær, leiar i Oslo Sp
– Det er eit visst protestpotensial
i Groruddalen.
Johannes Bergh, valforskar
Fleire artiklar
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement