Giek

Norsk eksportstøtte kan hjelpe utanlandske verft til å utkonkurrere norske, og har gjort norsk industri enda meir oljeavhengig.

Supplyskip frå Farstad Shipping i opplag i Ålesund i fjor. Krisa i offshoreindustrien har slått hardt inn på Vestlandet, og kjem til å koste staten dyrt.
Supplyskip frå Farstad Shipping i opplag i Ålesund i fjor. Krisa i offshoreindustrien har slått hardt inn på Vestlandet, og kjem til å koste staten dyrt.
Publisert

Verda er full av paradoks, og her kjem to av dei. Nummer ein: Ei statleg garantiordning som vart laga for å hjelpe norsk industri, kan føre til at norske fiskebåtar blir bygde i Polen og ikkje i Noreg. Nummer to: Alle politikarar er samde om at norsk økonomi bør bli mindre oljeavhengig. Men av dei statlege lånegarantiane som skal hjelpe norsk eksportindustri, går nesten 90 prosent til oppdrag for offshoreindustrien.

Her må det ein del forklaring til, og vi tek det frå grunnen av.

Garantisten

Kvar stat i verda vil gjerne hjelpe sitt eige næringsliv, og Noreg er ikkje noko unnatak. I dag har internasjonale avtalar stort sett fjerna høva til å gje direkte subsidiar til industrien. Men ein lovleg måte å hjelpe nasjonal industri på er at staten kan vere garantist for lån som går til kjøp av norske varer. Den norske institusjonen som har denne jobben, heiter Garantiinstituttet for eksportkreditt (Giek).

Rolla til Giek liknar ein velståande forelder som stiller som kausjonist for å hjelpe barnet sitt med å få billegare huslån. Garantiane frå Giek gjer til dømes at utanlandske reiarar som tingar skip frå norske verft, får billegare lån enn dei elles ville fått. Den rike norske staten er jo ein av dei sikraste kausjonistane i verda. Låna som garantien utløyser, kan kome både frå private bankar og frå det statlege selskapet Eksportkreditt.

Giek hjelper ikkje til med all slags eksport: Det er såkalla kapitalvarer det er snakk om, store og dyre industriprodukt, ikkje tenesteyting eller konsumvarer som fisk. Og det er store summar i sving. Ved siste årsskiftet garanterte Giek for lån på til saman 98 milliardar kroner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement