Kommentar
Full siger?
Våre interesser er ikkje nødvendigvis identiske med Ukraina sine.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), regjeringa og eit stort fleirtal på Stortinget la fram den politiske semja om Ukraina-programmet i Stortinget førre veke. President Volodomyr Zelenskyj deltok digitalt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Forsvarssjef Eirik Kristoffersen sa sist veke at han ikkje trur nokon av partane kjem til å vinne krigen mellom Ukraina og Russland. Dette har vekt merksemd, for Kristoffersen har ein annan status enn alle andre som uttalar seg i saka.
I motsetnad til «tilfeldige» politikarar, akademikarar eller kommentatorar kviler det eit stort ansvar på hans skuldrer. Han rår over eit stort apparat som skal levere dei mest realistiske og kvalifiserte analysane som er moglege. Rett nok justerte forsvarssjefen kommentaren sin til at det «ikkje finst noka militær løysning», men det tyder omtrent det same.
Kristoffersens utsegn bryt med det offisielle synet til Ukraina og Nato. Målet til president Volodymyr Zelenskyj er full militær siger. Det inneber at Russland ikkje berre blir drive tilbake frå heile Donbas-området, men òg frå Krymhalvøya. Nato-sjef Jens Stoltenberg trur òg dette er mogleg.
Korleis skal dette kunne skje? Realistisk sett berre på éin måte: ved at Nato og USA involverer seg mykje meir enn i dag, ikkje berre med våpen, men også med personell. Sagt på ein annan måte: Ukraina kan berre nå måla sine dersom krigen eskalerer og noko som liknar endå meir på ein tredje verdskrig, blir eit faktum.
Ein tredje verdskrig vil fort kunne involvere atomvåpen, dersom Russland og ein Putin som er langt mindre rasjonell enn nesten alle trudde, blir desperat nok og oppfattar seg som «eksistensielt trua». Og om dei skal drivast ut av Krym, og miste marinebasen i Sevastopol, er det klart innafor Russlands definisjon av «eksistensiell trussel». Slik Russland ser det, er Krym ein del Russland. Bruk av atomvåpen vil sjølvsagt vere galskap, men det er for seint å utelukke det. Og før det går så langt, set berre fantasien grenser for kva Russland kan finne på.
Vi har same ønske som Ukraina: at Russland skal drivast tilbake og straffast for det brutale åtaket på Ukrainas land, liv og eigedom. Men om vi ser bort frå ønsketenking: Er våre realitetsvurderte interesser identiske med Ukraina sine?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.