JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Fryktar for framtida til demokratiet

Putin har blitt for den ytre høgresida det Sovjetunionen var for den ytre venstresida, meiner Civita-historikar Bård Larsen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2728
20180112
2728
20180112

Den veksande sympatien for president Putin i Europa er illevarslande, meiner Bård Larsen, historikar i tankesmia Civita. Han har i mange år vore travel med å studere og kritisere autoritære trekk hos den politiske venstresida, men har dei siste åra skrive vel så mykje om liknande trekk på ytre høgrefløy. «Det skjer en reaksjonær vekkelsesbølge i vesten», skreiv Larsen i Aftenposten i fjor. Omfamninga av Putin er regelen i dei stadig sterkare høgrepopulistiske partia i Europa, påpeika han.

– Mykje med Putin appellerer til den verdikonservative høgresida: vekta han legg på familien og nasjonalstaten, patriotismen og kritikken av liberale elitar. Dette kjenner vi att hos partia langt ute til høgre. Putin har blitt for den ytre høgresida det Sovjetunionen var for den ytre venstresida, seier Bård Larsen.

– Eg har jobba i mange år med den autoritære utglidinga på venstresida. No kjem den autoritære tendensen til syne også på høgresida.

Innvandringsmotstanden har vore drivaren for framgangen til dei nasjonalkonservative lengst til høgre, meiner Larsen.

– Men både på høgre- og venstresida er det misnøye med det liberale Europa og motstand mot marknadsfridom og globalisering. Det er den klassiske hesteskoen, ekstrema møtest. Svermeriet for Putin viser at den viktigaste skiljelina i politikken ikkje er mellom høgre og venstre, men mellom demokratiske og autoritære idear.

Den russiske krigføringa i Syria har òg styrkt Putins posisjon på den europeiske høgresida, meiner Larsen.

– Blant dei nasjonalkonservative lengst til høgre er det ikkje skilnad på jihadisme og islam. Når Russland fører krig mot IS i Syria, er han fiendens fiende, og dermed ein ven.

Larsen er uroleg for framtida til det liberale demokratiet i både Europa og USA.

– Valet av Trump er ein del av dette biletet. Dei politiske institusjonane vi likar å skryte av, er eigentleg ganske svake. Eg er redd det liberale demokratiet kan få skot for baugen, slik det har skjedd i Polen og Ungarn. Det er ikkje slik at alt berre går framover i historia. Om eit fleirtal i befolkninga vil gå bort frå det liberale demokratiet, kva da? Dei held jo val i Russland, Ungarn og Tyrkia. Men korleis er det med rettane til mindretalet, med parlamentet og andre institusjonar?

Misnøyen med demokratiet gjev det autoritære Russland appell, meiner Larsen.

– Det liberale demokratiet er tregt, og det tek lang tid å gjennomføre ting. Dei illiberale vil ha kort veg til handling. Polariseringa kring innvandringsspørsmålet forsvinn ikkje. Eg prøver ikkje å spå om kva veg det går. Men eg er uroleg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis