JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Frivillig for gamle dagar

Medan somme av oss ikkje ein gong kjem til å måle våre eigne hus og hytter, er det andre som frivillig tek vare på eigedommane til fellesskapet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vêrmelding på 1800-talsk: På vinterfiske kunne det vere mange hundre båtar på Sør-Gjæslingan, som alle trong å vite kor sterkt vinden bles og frå kva retning. Det fekk dei kvar morgon fortalt gjennom enkle symbol hengde opp i vêrmastra.

9329
20171006

Sør-Gjæslingan

Øygruppe i Vikna kommune i Nord-Trøndelag. Ein gong aktivt fiskevær med fiskemottak og salteri.

113 fastbuande i 1950. Fråflytta mellom 1975 og 1978, då væreigaren gjekk konkurs.

I gode fiskeår kunne nærare 5000 fiskarar halde hus her under vinterfisket.

I mellomkrigstida stod fleire enn 100 rorbuer her. Av dei er 20 bevart i dag.

Været vart freda i 2010, og vert no administrert av Kystmuseet i Nord-Trøndelag.

Det er høve til å leige rorbuer her i sommarsesongen.

siri@dagogtid.no

Kulturminnevern og kulturminneforvaltning er blant Noregs mest støvete ord. Meir enn noko anna luktar dei av gulna papir, måttkuler og gamle matpakkesmular på respatexbord: Kulturminneforvaltning er noko byråkratar, konservatorar og kanskje ein og annan handverkar driv med. Ikkje noko for vanlege folk.

Innhaldet i orda – og med det sanninga om dei – er likevel ei ganske anna. Mest truleg bidreg kring eit par hundre tusen av oss til å ta vare på kulturminna våre kvart år – heilt utan betaling. Det skal ikkje minst styresmaktene vere glade for. Det politisk vedtekne målet for tap av kulturminne er 0,5 prosent årleg, men det reelle tapet ligg på kring 2 prosent, ifylgje Fortidsminneforeningen. Utan villige hender hadde det talet sett endå verre ut.

Bakstetrau eller bygd

Eit kulturminne kan vere ei hårnål eller eit bakstetrau, eller det kan vere eit heilt øysamfunn med bustadhus, brygger og gamal fiskeindustri. Kulturminnet Kristin Kjønsø forvaltar som kurator og seksjonsleiar for kulturminnevern i Kystmuseet i Nord-Trøndelag, er i sistnemnte kategori: Det freda fiskeværet Sør-Gjæslingan ligg i Vikna kommune, halvannan time med hurtigbåt frå kommunesenteret Rørvik. Det omfattar eit tjuetals hus, slåttemark og andre samfunnsfunksjonar. Namnet kjem frå gjæser: Som små gåsungar – gjæslingar – dukkar øyane og holmane opp i havet, eit siste landfast punkt før storhavet.

Kommunen tok over etter at samfunnet vart fråflytta i hui og hast midt på syttitalet. Men lite vart gjort, og mykje vart rive. Då museet kom inn i biletet, var bygningane slitne og falleferdige. Om lag samstundes oppstod veneforeininga ut av engasjementet til ein tilfeldig venegjeng. No er det aller meste i forsvarleg stand: Frå 2000 til 2012 minka talet på bygningar med trong for store utbetringar frå 15 prosent til under 5, medan bygningar med ordinær vedlikehaldstrong auka frå 20 til over 50 prosent.

Dugnad vår og haust

Hovudinnsatsen til Gjæslingans venner er konsentrert: To helger i året arrangerer dei dugnad – ein om våren, før turistsesongen set inn, og ein etter at han har dabba av om hausten. I tillegg arrangerer dei vaffelhelger gjennom sommaren, der medlemmer skriv seg på liste for å selje vaflar og kaffi til turistar og gjere nødvendig arbeid.

Somme aktivitetar er på lista kvar einaste dugnad: vedhogst, rydding og husmåling. Det er langt frå alt ufaglærte hender får blande seg opp i, men skraping og måling av husveggar er kjærkomne bidrag. Veggane står utsette til midt ute i havet. Dei mest vêrvende kan måtte målast om att annakvart år.

Hovudmålet for haustdugnaden 2017 er likevel å få reist ei tolv meter høg mast øvst på den høgaste toppen i været. Ikkje ei skipsmast, heller ikkje ei mast som ber leidningar, men ei gamal vêrmast. Då fiskeværet var på sitt mest aktive, kunne det vere eit tusentals båtar og mange tusen menneske her på vinterfiske. Vêret slik vi er vane med å sjå på det, om det regnar eller sola skin, kunne dei sjølvsagt finne ut av sjølve ved å sjå ut glaset. Men det var ikkje nedbørsmengda dei var opptekne av: Både båtar og folk søkte le så godt dei kunne mellom holmane. Då var det ikkje alltid godt å vite korleis vinden bles på havet, sjølv om det berre var nokre meter unna.

Difor vart det kvar morgon hengt symbol opp i masta: kombinasjonar av trekantar og sirklar synte om det bles kuling eller storm, og kva retning det bles frå. Kvar morgon klokka halv åtte stod òg ei kvinne med flagg oppe på haugen og signaliserte «utror»: at fisket var i gang for dagen. Båtar som fór ut før, risikerte bøter.

Hjell utan fisk

Masta kjem neppe i særleg aktiv bruk, men er ein del av miljøet her ute. Det same gjeld fiskehjellane veneforeininga og museet har sett opp saman: Dei står der dei ein gong stod, sjølv om Mattilsynet ikkje tillèt foreininga å henge fisk på dei.

– Vi skulle gjerne ha skapt meir aktivitet i bygningane her ute, seier leiar i Gjæslingans venner Bjørn Hatlinghus.

– Men vi må berre innsjå at moderne hygienereglar avgrensar oss i å ta vare på dei.

Han understrekar at dei heile tida har kjent seg velkomne på Sør-Gjæslingan, trass i at dei verken er fagfolk eller pengesterke eigarar.

Konservator Kristin Kjønsø seier seg samd:

– Kystmuseet forvaltar over 60 bygningar. Berre dei på Sør-Gjæslingan har ei veneforeining, men resten skulle veldig gjerne hatt det, dei òg. Dei er ikkje berre Gjæslingans gode vener, men òg mine.

Styresmaktene skal ikkje berre vere takksame for at frivillige legg hender på bygningane dei har verna. Dei er òg forplikta til å legge til rette for det.

Det heile går faktisk så høgt som til menneskerettane: Artikkel 27, punkt 1, «Enhver har rett til fritt å delta i samfunnets kulturelle liv, til å nyte kunst og til å få del i den vitenskapelige fremgang og dens goder», inneber høve til å bidra aktivt til ivaretaking av eigen kultur. Retten er vidare slått fast i den europeiske Faro-konvensjonen, ratifisert i Noreg i 2008: «enhver, alene eller sammen med andre, har rett til å dra nytte av kulturarven og bidra til dens berikelse», står det her.

Størst innsats i fartøyvernet

Den statlege kulturminnepolitikken ligg under Klima- og miljødepartementet. Gjennomføringa vert forvalta av Riksantikvaren i samarbeid med fylkeskommunane, og utført av museum, profesjonelle handverkarar, privatpersonar som forvaltar sine eigne eigendommar, og frivillige organisasjonar og lag som tek eit tak for eigedommar dei ikkje har ei einaste eigarinteresse i. Sistnemnde er organiserte i Kulturvernforbundet, ein paraplyorganisasjon for 24 medlemsorganisasjonar med over 230.000 medlemmar.

Kanskje størst, og i alle høve best dokumentert, er den frivillige innsatsen i fartøyvernet. Heller ikkje her er dokumentasjonen veldig god, men i 2009 vart det rekna drygt 250.000 dugnadstimar på dei 90 fartøya som fekk tilskot frå Riksantikvaren. Verdien av dugnaden vart rekna til 90 millionar kroner. Sidan den tid har talet på verna fartøy auka til 240.

Riksantikvaren har sidan 2014 hatt ein eigen frivilligstrategi, og stortingsmeldinga «Framtid med fotfeste – Kulturminnepolitikken» (2012–2013) slår fast at frivillige aktørar gjer ein uvurderleg innsats for å ta vare på kulturminne: «Den virksomheten de driver, kommer samfunnet til nytte gjennom at de både tar vare på kulturarven og samtidig bidrar til å gi kulturminneområdet legitimitet i samfunnet. De gjør også en viktig jobb gjennom å formidle kulturarven og dens betydning, særlig i lokalsamfunnet.»

Tungrodd

Det er likevel ikkje alltid systemet er ope og venleg. Systemet er tungrodd. Bjørn Hatlinghus fortel at han reknar tre til fem år frå Gjæslingans venner fremjar eit forslag til han kan rekne med å sette i spaden i jorda, kosten på veggen eller kva det no er som skal gjerast. Å halde oppe medlemstalet har heller ikkje vore mogleg dei siste åra. 200 namn i manntalet er berre halvparten av kva det ein gong var.

– Vi vert ikkje yngre, vi som held på. Og med det fell tempoet i arbeidet. Færre kjenner seg heime øvst på stigane, og det har synt seg vanskeleg å rekruttere nye generasjonar. Dugnadsånda er ikkje det ho ein gong var, meiner han.

Kven er fagfolket?

Teknisk vedlikehald kan berre gjennomførast av fagpersonar, men kven som er fagperson nok, har fram til no ikkje vore enkelt å definere. Dei fyrste tradisjonshandverkarane med bachelorgrad får papira sine i desse dagar, men fram til no har kunnskapen kome fram gjennom realkompetanse, gjerne stadfesta i ei stilling ved eit museum.

Skilnader som for ein fagperson er openberre og viktige –- som skilnaden på oppussing (utelukkande estetiske endringar), renovering (å erstatte med noko som liknar på det opphavlege) og restaurering (å berre byte det som er utslite, og med tilstrekkeleg fagkunnskap) – treng ikkje eingong vere synleg for ein turist eller ein dugnadsdeltakar.

For majoriteten på haustdugnad på Sør-Gjæslingan handlar det nok mest av alt om ei triveleg, sosial helg med frisk luft og vakre omgjevnadar med ein litt enklare standard enn dei kvardagslege. Der somme fortel korleis dei stadig lærer mykje om å ta vare på gamle bygningar, fortel andre om altfor høgtsvevande innføringar i dei ulike formene for linoljemåling. Omsorg for og kunnskap om livet i det heilt spesielle fiskeværet har dei likevel til felles. Dersom kunnskap er det som skal til for å få oss til å ta vare på noko, ser det med andre ord lyst ut for gåsungane vest i havet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi vert ikkje yngre, vi som held på.
Og med det fell tempoet i arbeidet.

Bjørn Hatlinghus, leiar i veneforeininga

«Enhver, alene eller sammen med andre,
har rett til å dra nytte av kulturarven og bidra til dens berikelse.»

Faro-konvensjonen, artikkel 4

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis