JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Fred og venskap kan kjøpast for pengar

Egypt har tent godt på å slutte fred med Israel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Camp David-avtalen vart signert i Washington i 1979. Frå venstre: den israelske statsministeren Menachem Begin, USAs president Jimmy Carter og den egyptiske presidenten Anwar Al-Sadat.

Foto: Scan-Foto / NTB

2232
20231117
2232
20231117

peranders@dagogtid.no

Camp David-avtalen i 1978 var den store utanrikspolitiske triumfen i presidenttida til Jimmy Carter. Avtalen førte Sinai attende til egyptisk kontroll og sikra ikkje berre fred mellom erkefiendane Israel og Egypt. Med store årlege pengeoverføringar til Egypt kjøpte USA seg ein ny viktig alliert i Midtausten. Under Nasser-styret hadde egyptarane fått våpen og bistand frå Sovjetunionen, men etter Yom Kippur-krigen i 1973 distanserte president Anwar Al-Sadat seg frå Moskva. Med Camp David-avtalen og fredstraktaten med Israel året etter kom Egypt over på vestleg side i den kalde krigen.

President Al-Sadat måtte sjølv betale svært dyrt for å ha inngått fred med Israel: Han vart myrda av islamistar under ein militærparade i Kairo i 1981. Fredsavtalen hadde òg politiske kostnader. Å inngå ein avtale med Israel vart sett på som eit svik i dei fleste nabolanda. Egyptarane mista leiarrolla si i den arabiske verda, og ei rekkje land braut det diplomatiske sambandet med Egypt.

Men økonomisk og militært var fredsavtalen med Israel svært nyttig. Sidan 1978 har Egypt fått meir enn 50 milliardar dollar i våpenstøtte og 30 milliardar dollar i økonomisk bistand frå USA. Like viktig er det truleg at makthavarane i Kairo kunne lite på politisk støtte frå Washington. Den støtta har stått ved lag sjølv om undertrykkinga under president El-Sisi er verre enn nokon gong. Det er uvisst kor mange politiske fangar det er i Egypt, men eit vanleg anslag er 60.000. Tortur er utbreidd i fengsla, og ei rekkje opposisjonelle har blitt avretta dei siste ti åra.

I USA har støtta til det egyptiske regimet fått kritikk også frå leiande politikarar. «Ingen fleire blankosjekkar til Trumps favorittdiktator», tvitra Joe Biden under valkampen i 2020 og sikta til El-Sisi. Det var ein slags vallovnad frå Biden, etter at regimet i Egypt hadde arrestert ein menneskerettsaktivist med amerikansk statsborgarskap. Etter at Biden vann valet, har litt av militærstøtta til Egypt blitt halden att på grunn av menneskerettsbrot, men det meste går framleis gjennom. For USA er Egypt ein for viktig partner til å gje slepp på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis